Furkapasset er ein fjellovergang i Sveits, på grensa mellom kantonane Uri og Valais. Passhøgda er 2 436 meter over havet og knyter saman Realp i Urserendalen i Uri med Goms i Valais. Vasskiljet mellom elvane Reuss og Rhône ligg på Furkapasset.

Panorama over Furkapasset, utsyn mot Urserendalen

Vegen er vinterstengd oktober-mai. Under passhøgda går ein 1 850 m lang jarnbanetunnel som var i bruk i tida 1925-82.

Soge endre

Køyrevegen over Furkapasset vart bygt i åra 1864-66. I 1925 vart det bygt ein knapt to kilometer lang tunnel for jarnbanen Furka-Oberalp-Bahn. Då denne jarnbanestrekninga var mykje utsett om vinteren, vart det bygt ein vel 15 km lang erstatningstunnel som stod ferdig i 1982.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Furkapasset