Opna hovudmenyen

Fusa kommune

kommune i Hordaland


Fusa er ein kommune i Hordaland fylke. Kommunen grensar på land til Samnanger, Kvam, Kvinnherad, Tysnes og i sjø til Os.

Fusa kommune
kommune
kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Hordaland
Adm.senter Eikelandsosen
Areal 378 km²
 - land 355 km²
 - vatn 22 km²
Folketal 3 920 (1. januar 2018)
Folketettleik 11 / km²
Målform nynorsk
Ordførar Atle Kvåle (Ap)
Kommunenr. 1241
NO 1241 Fusa.svg
Wikimedia Commons: Fusa
Nettstad: www.fusa.kommune.no

Fusa kommune har ei rik soga. Fusa var i perioden frå 1837 til 1854 del av Ous herad saman med Samnanger og Os. Fusa vart skild frå Ous som eigen kommune og eige prestegjeld frå 1855. I 1903 vart Fusa igjen delt i tre kommunar etter kyrkjesoknegrensene. Fusa, Strandvik og Hålandsdal var eigne kommunar i tidsrommet frå 1903 til 1963. I 1964 vart dei tre kommunane samla att.

I 2003 vart Kongedømet Fusa utropt som eit kunstprosjekt med ei kroning av kunstnaren Morten Holmefjord som visekonge.

Dagens Fusa kommune har om lag 1 400 husstandar. Folketalet auka med 0,6 prosent i 2005.

Kommunesenteret er Eikelandsosen. Lokalavis er Os og Fusaposten.

Innhaldsliste

NæringslivEndra

Leigland bygg er ein fjerde generasjons byggmeister. Leigland bygg AS har om lag 60 tilsette og driv blant anna med ferdighus, elementproduksjon, hovudenterpriser og andre byggmeister-, ingeniør- og arkitekturtenester.

Frank Mohn (Framo, produsent av pumper for offshore og shipping) er ein stor arbeidsgivar.

Eide Fjordbruk er ei tredje generasjons familiebedrift, som driv med matproduksjon av fisk. Eide-familien har tradisjonar frå 1600-talet innan matproduksjon.

FolketalsutviklingEndra

Folketalsutvikling for noverande Fusa kommune frå 1920:

1.12.1920[1] 1.12.1930[2] 3.12.1946[2] 1.1.1951[3][4][5] 1.1.1961[3][4][5] 1.1.1971[5] 1.1.1981[5] 1.1.1991[5] 1.1.2001[5] 1.1.2010[5]
3921a 4018a 4420a 4422a 4201a 3818 3836 3721 3735 3823
a Talet omfattar Bogstrand, som var ein del av gamle Fusa kommune, men ved kommunesamanslåinga i 1964 vart del av Os kommune. Dette omrpdet hadde då 28 innbyggjarar.

FotnotarEndra

  1. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  2. 2,0 2,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  3. 3,0 3,1 Folkemengde i Hålandsdal 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  4. 4,0 4,1 Folkemengde i Strandvik 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 5,5 5,6 Folkemengde i Fusa 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå

BakgrunnsstoffEndra