Fylkeskommune

administrativ eining i Noreg
(Omdirigert frå Fylke i Noreg)

Fylkeskommune er eit politisk styringsorgan på regionalt nivå i Noreg. Fylkeskommunane er ei folkevald styresmakt innanfor eit geografisk område som vert kalla fylke. Dei har kvart sitt fylkesting, som er eit styringsorgan som innbyggjarane i fylket røyster inn representantar for ein fireårsperiode under særskilde fylkestingsval som vert avvikla samstundes med kommunevala.

Noreg har hatt 15 fylke sidan 1. januar 2024.
Kart over fylkeskommunane 2020–2023, til saman 11 fylke.

Styresmakter endre

Fylkeskommunen sin administrasjon vert utgjord av fylkesting, fylkesutval, fylkesordførar og ein fylkeskommunal administrasjon. Fylkestinget vert altså vald av innbyggjarane i fylket. Før 1975 vart fylkestinget samansett av ordførarane i dei ulike kommunane, eller ein annan av kommunestyrerepresentantane etter val som gjekk føre seg i kommunestyra. I 1977 innførte ein direkte fylkesskatt som skulle dekka utgiftene til eit fylke; tidlegare hadde fylkeskommunen fått pengane sine frå kommunane.

Statsforvaltar endre

Statsforvaltaren (tidlegare fylkesmannen) har styrings- og kontrolloppgåver i fylket på vegner av regjeringa, men er ikkje ein del av fylkeskommunen, men er beinveges underlagd regjeringa.

Ikkje ein del av noko fylke endre

Jan Mayen og Svalbard høyrer ikkje til noko fylke og utgjer heller ikkje eit. Jan Mayen er underlagt statsforvaltaren i Nordland,[1] medan Sysselmeisteren på Svalbard er administrativt underlagt Justisdepartementet.[2]

Bouvetøya, Peter I Øy og Dronning Maud Land vert rekna som biland.

Historie endre

Amta skifta i 1919 namn til fylke. Representantane til Amtsformannskapet (seinare fylkestinget) vart heilt fram til 1964 valde av og blant representantane i kommunestyra i alle landkommunane i fylket. Ein representant frå kvar kommune vart vald.

Frå 1964 kom også bykommunane med i skipnaden. Kommunane måtte dekkje dei utgiftene fylkestinget vedtok gjennom repartisjonsskatten. I 1976 gjekk fylkeskommunen over frå å vere sekundærkommune til å verta primærkommune på line med kommunane. Det vart direkte val til fylkestinget, direkte skatt og eigen administrasjon. Fylkesrådmannsfunksjonen vart skild ut frå fylkesmannsembetet.

Stortinget vedtok Lov om kommuner og fylkeskommuner i 1961, og frå 1964 velde kommunestyra inn representantar til fylkestinga etter innbyggjartal. Direkte val til fylkesting vart vedteke av Stortinget i 1974. Det vart i 1975 for fyrste gong skipa til direkte val til fylkesting.

Fram til 2002 var dei offentlege sjukehusa styrte og finansierte av fylkeskommunane, men sjukehusreforma av 2002 skilde sjukehusa ut av fylkeskommunane, og det vart danna fem helseføretak.[3][4] I dag er det fire helseføretak.[5]

Regionreformer endre

Sjå òg Regionreforma i Noreg.

I 2020 hadde ein regionreforma som ende med at tal fylkeskommuner vart reduserte frå 19 til 11.[6]

I 2022 søkte Vestfold og Telemark, Viken, og Troms og Finnmark å splitta opp fylka etter stor misnøye blant innbyggjarane og nokre politiske parti, med Senterpartiet i spissen.[7][8] Desse fylka vart oppløyste frå 1. januar 2024.[9]

Noverande fylkeskommunar endre

Nummer[a] Namn Adm. senter Folketal Areal[10] Tal komm. Kart Målform[11][12]
03    Oslo Oslo 3&505&717710&717 710 454,12 1   nøytral
11    Rogaland Stavanger 3&505&499417&499 417 9 377,10 23   nøytral
15    Møre og Romsdal Molde 3&505&270624&270 624 14 355,62 26   nynorsk
18    Nordland Bodø 3&505&243081&243 081 38 154,62 41   nøytral
31   Østfold Sarpsborg 3&505&312152&312 152 4 004,2 12   nøytral
32   Akershus Oslo 3&505&728803&728 803 5 894,47 21   nøytral
33   Buskerud Drammen 3&505&269819&269 819 14 693,87 18   nøytral
34    Innlandet Hamar 3&505&376304&376 304 52 072,44 46   nøytral
39    Vestfold Tønsberg 3&505&256432&256 432 2 167,65 6   nøytral
40    Telemark Skien 3&505&177093&177 093 15 298,16 17   nøytral
42    Agder Kristiansand 3&505&319850&319 850 16 434,12 25   nøytral
46    Vestland Bergen 3&505&651299&651 299 33 870,99 43   nynorsk
50    Trøndelag Steinkjer 3&505&482956&482 956 42 201,59 38   nøytral
55   Troms Troms 3&505&169610&169 610 25 862,99 21   nøytral
56   Finnmark Vadsø 3&504&75053&75 053 48 631,09 18   nøytral

Tidlegare fylkeskommunar endre

Nummer Namn Adm. senter Areal[13] Tal komm. Kart Målform[11][12] Opphøyrte Vart ein del av Merknad
01   Østfold Sarpsborg 3&503&4182.19&4 182,19 18   bokmål 2020 Viken Attoppretta 1. januar 2024
02   Akershus Oslo 3&503&4918.05&4 918,05 22   nøytral 2020 Viken Attoppretta 1. januar 2024
04   Hedmark Hamar 3&504&27399.61&27 399,61 22   nøytral 2020 Innlandet
05   Oppland Lillehammer 3&504&25189.61&25 189,61 26   nøytral 2020 Innlandet
06   Buskerud Drammen 3&504&14910.76&14 910,76 21   nøytral 2020 Viken Attoppretta 1. januar 2024
07   Vestfold Tønsberg 3&503&2224.36&2 224,36 14   bokmål 2020 Vestfold og Telemark Attoppretta 1. januar 2024
08   Telemark Skien 3&504&15299.22&15 299,22 18   nøytral 2020 Vestfold og Telemark Attoppretta 1. januar 2024
09   Aust-Agder Arendal 3&503&9158.16&9 158,16 15   nøytral 2020 Agder
10   Vest-Agder Kristiansand 3&503&7276.38&7 276,38 15   nøytral 2020 Agder
12   Hordaland Bergen 3&504&15440.03&15 440,03 33   nynorsk 2020 Vestland
13   Bergen Bergen 1   1972 Vestland
14   Sogn og Fjordane Hermansverk/Leikanger 3&504&18622.73&18 622,73 26   nynorsk 2020 Vestland
16   Sør-Trøndelag Trondheim 3&504&18855.75&18 855,75 25   nøytral 2018 Trøndelag
17   Nord-Trøndelag Steinkjer 3&504&22414.73&22 414,73 23   nøytral 2018 Trøndelag
19   Troms Tromsø 3&504&25869.69&25 869,69 24   nøytral 2020 Troms og Finnmark Attoppretta 1. januar 2024
20   Finnmark Vadsø 3&504&48615.91&48 615,91 19   nøytral 2020 Troms og Finnmark Attoppretta 1. januar 2024
30   Viken Oslo, Drammen, Sarpsborg 3&504&24596&24 596 51   nøytral 2023 Akershus, Buskerud, Østfold
38   Vestfold og Telemark Skien 3&504&17465.92&17 465,92 23   nøytral 2023 Vestfold, Telemark
54  Troms og Finnmark Tromsø 3&504&74829.68&74 829,68 39   nøytral 2023 Troms, Finnmark

Sjå òg endre

Merknadar endre

  1. Fylkesnummeret høyrer til Statistisk sentralbyrå, og er ein del av den internasjonale standarden ISO 3166, spesifikt ISO 3166-2:NO.

Kjelder endre

  1. «Jan Mayen – administrasjon» av Susan Barr i Store norske leksikon, snl.no.
  2. Instruks for sysselmannen på Svalbard, §2
  3. «sykehusreformen». Store medisinske leksikon (på norsk bokmål). 24. januar 2020. 
  4. omsorgsdepartementet, Helse-og (13. september 2002), «St.prp. nr. 1 (2002-2003)», 042001-030004 (på norsk), henta 30. oktober 2022 
  5. Braut, Geir Sverre; Parr, Håvard Klyve; Allkunne (23. august 2022). «helseføretak». Store medisinske leksikon (på norsk bokmål). 
  6. «Fylkessammenslåinger i regionreformen», Regjeringen.no (på norsk), 19. desember 2019, henta 30. oktober 2022 
  7. «Prop. 113 LS (2021–2022)», Regjeringen.no (på norsk), 12. mai 2022, henta 30. oktober 2022 
  8. Heiervang, Camilla Helen (31. juli 2021), «Senterpartiet vil oppløse Viken», NRK (på norsk bokmål), henta 30. oktober 2022 
  9. «Fylkesinndelingen fra 2024», Regjeringen.no (på norsk bokmål), 5. juli 2022, henta 1. januar 2024 
  10. «Arealstatistikk for Norge». Kartverket (på norsk bokmål). 20. desember 2019. Henta 2. januar 2020. 
  11. 11,0 11,1 Lovdata. «Målvedtak i kommunar og fylkeskommunar». Henta 16. januar 2008. 
  12. 12,0 12,1 «Forskrift om språkvedtak i kommunar og fylkeskommunar (språkvedtaksforskrifta)». Lovdata.  FOR-2019-12-20-2114
  13. Statens kartverk (1. januar 2008). «Arealstatistikk for 2006». Arkivert frå originalen 21. september 2013.  Kolonne F: Totalt areal: fastland og øyer: km²