Norske fylkesblomar

(Omdirigert frå Fylkesblom)

Norske fylkesblomar er blomar som er vedtekne som representative for dei norske fylka.

Professor Olav Gjærevoll initierte arbeidet med fylkesblomane i 1987, då han var leiar av Norsk botanisk forening. Foreininga sette i samarbeid med dei botaniske musea og styret i Det norske hageselskap opp ei liste med framlegg til fylkesblomar for kvart fylke. Framlegga vart sende fylkesmannen i kvart fylke vinteren 1989. I nokre fylke godkjende fylkesmannen valet av fylkesblom, i andre fylke vart framlegget teke opp politisk i fylkestinget eller i fylkesutvalet. Mot slutten av 1990-talet hadde ein, med enkelte justeringar av det opphavlege forslaget, kome fram til ei liste som var allment akseptert. Lista inneheldt også ein utvald art for Svalbard. Alle artane er presenterte i boka Norges fylkesblomster av Inger Gjærevoll (Tapir forlag, 1999).

I Sverige har dei hatt ei tilsvarande liste over «landskapsblommor» sidan 1908.[1] Også Finland har slike landskapsblomar.[2] Mange andre land har tilsvarande lister med nasjonale eller regionale blomar.[3]

OversynEndra

Fylkesblomane er:

Fylke Bilete Norsk namn Vitskapleg namn
Østfold   Liljekonvall Convallaria majalis
Akershus   Blåveis Hepatica nobilis
Oslo   Bakkekløver Trifolium montanum
Hedmark   Geitrams Chamerion angustifolium
Oppland   Mogop Pulsatilla vernalis
Buskerud   Kvit nykkerose Nymphaea alba
Vestfold   Bøk Fagus sylvatica
Telemark   Søstermarihand Dactylorhiza sambucina
Aust-Agder   Vivendel Lonicera periclymenum
Vest-Agder   Sommareik Quercus robur
Rogaland   Klokkelyng Erica tetralix
Hordaland   Kusymre Primula vulgaris
Sogn og Fjordane   Revebjølle Digitalis purpurea
Møre og Romsdal   Bergfrue Saxifraga cotyledon
Sør-Trøndelag   Reinrose Dryas octopetala
Nord-Trøndelag   Marisko Cypripedium calceolus
Nordland   Raudsildre Saxifraga oppositifolia
Troms   Ballblom Trollius europaeus
Finnmark   Molte Rubus chamaemorus
Svalbard   Svalbardvalmue Papaver cornwallisense

(Namnsetjing etter Artsdatabanken sin artsnavnebase[4])

Sjå ògEndra

KjelderEndra

Litteratur
  • Gjærevoll, Inger (1999). Norges fylkesblomster. Trondheim: Tapir Forlag. ISBN 82-519-1507-4. 
Referansar