Fylkeskommune
Fylkeskommune er i Noreg nemninga på den folkevalde styresmakta innanfor eit geografisk område som vert kalla fylke. Kvar fylkeskommune er under styring og kontroll av eit fylkesting, som er eit styringsorgan som innbyggjarane i fylket røyster inn for ein fireårsperiode under særskilde fylkestingsval som vert avvikla samstundes med kommunevala. Ein må såleis skilje mellom fylkeskommunen som folkestyrt eining og fylket som ei geografisk avgrensa administrativ eining, ettersom fylkesmannen og hans administrasjon, som har styrings- og kontrolloppgåver i fylket på vegner av regjeringa, ikkje er ein del av fylkeskommunen, men er beinveges underlagt regjeringa.
Fylkeskommunens administrasjon vert utgjort av fylkesting, fylkesutval, fylkesordførar og ein fylkeskommunal administrasjon. Fylkestinget vert altså vald av innbyggjarane i fylket. Før 1975 vart fylkestinget samansett av ordførarane i dei ulike kommunane, eller ein annan av kommunestyrerepresentantane etter val som gjekk føre seg i kommunestyra. I 1977 innførte ein direkte fylkesskatt som skulle dekka utgiftene til eit fylke; tidlegare hadde fylkeskommunen fått pengane sine frå kommunane.
HistorikkEndra
Amta skifta i 1919 namn til fylke. Representantane til Amtsformannskapet (seinare Fylkestinget) vart heilt fram til 1964 valde av og blant representantane i kommunestyra i alle landkommunane i fylket. Ein representant frå kvar kommune vart vald.
Frå 1964 kom også bykommunane med i skipnaden. Kommunane måtte dekkje dei utgiftene Fylkestinget vedtok gjennom repartisjonsskatten. I 1976 gjekk fylkeskommunen over frå å vere sekundærkommune til å bli primærkommune på line med kommunane. Det vart direkte val til Fylkestinget, direkte skatt og eigen administrasjon. Fylkesrådmannsfunksjonen vart skilt ut frå fylkesmannsembetet.
Stortinget vedtok Lov om kommuner og fylkeskommuner i 1961, og frå 1964 velde kommunestyra inn representantar til fylkestinga etter innbyggjartal. Direkte val til fylkesting vart vedteke av Stortinget i 1974. Det vart i 1975 for fyrste gong skipa til direkte val til fylkesting.
Det var semje i Stortinget og forpliktande formuleringar i Soria Moria-erklæringa til den raud-grøne fleirtalsregjeringa om at fylkeskommunane skulle erstattast med folkevalde regionar innan 2010. Dette har likevel ikkje skjedd.
Dagens fylkeskommunar og fylkeEndra
Nummer (ISO 3166-2:NO)[1] | Namn | Adm. senter | Folketal | Areal[2] | Tal komm. | Målform[3] | Fylkesordførar | Fylkesmann |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
03 | Oslo | Oslo | 673 469 | 454,12 | 1 | nøytral | Marianne Borgen (SV) | Valgerd Svarstad Haugland |
11 | Rogaland | Stavanger | 473 526 | 9 377,10 | 23 | nøytral | Marianne Chesak (Ap) | Lone Merethe Solheim (konst.) |
15 | Møre og Romsdal | Molde | 266 856 | 14 355,62 | 26 | nynorsk | Jon Aasen (Ap) | Lodve Solholm |
18 | Nordland | Bodø | 243 335 | 38 154,62 | 41 | nøytral | Kari Anne Bøkestad Andreassen (Sp) | Tom Cato Karlsen |
30 | Viken | Oslo, Drammen, Sarpsborg | 1 234 374 | 24 592,59 | 51 | Roger Ryberg (Ap) | Valgerd Svarstad Haugland | |
34 | Innlandet | Hamar | 370 994 | 52 072,44 | 46 | Even Aleksander Hagen (Ap) | Knut Storberget | |
38 | Vestfold og Telemark | Skien | 415 777 | 17 465,92 | 23 | nøytral | Terje Riis-Johansen (Sp) | Per Åre Olsen |
42 | Agder | Kristiansand | 303 754 | 16 434,12 | 25 | Arne Thomassen (H) | Stein A. Ytterdahl | |
46 | Vestland | Bergen | 631 594 | 33 870,99 | 43 | nynorsk | Jon Askeland (Sp) | Lars Sponheim |
50 | Trøndelag
Trööndelage |
Steinkjer | 458 744 | 42 201,59 | 38 | nøytral | Tore O. Sandvik (Ap) | Frank Jenssen |
54 | Troms og Finnmark
Romsa ja Finnmárku Tromssa ja Finmarkku |
Tromsø | 243 925 | 74 829,68 | 39 | Ivar B. Prestbakmo (Sp) | Elisabeth Aspaker |
Fylkeskommunar og fylke fram til 2020Endra
KjelderEndra
- Delar av denne artikkelen bygger på «Fylke (Norge)» frå Wikipedia på bokmål, den 30. september 2011.
- ↑ Parlamentarisk, Stian Berger Røsland er byrådsleder
- ↑ Då Bergen blei slått saman med Hordaland i 1972, forsvann nummeret 13 frå fylkesnummerserien.
- ↑ Parlamentarisk, fylkesrådsleder er Alf Daniel Moen (Ap)
- ↑ Parlamentarisk, fylkesrådsleder er Odd Eriksen (Ap)
- ↑ Parlamentarisk, fylkesrådsleder er Pia Svensgaard (Ap)
Sysselmannsembetet er administrativt underlagt Justisdepartementet[7], høyrer ikkje til noko fylke og utgjer heller ikkje eit fylke.
Fylkesnummeret høyrer til Statistisk sentralbyrå, og er ein del av den internasjonale standarden ISO 3166, spesifikt ISO 3166-2.
FotnotarEndra
- ↑ Fylkesnummeret eies av Statistisk sentralbyrå, og er en del av den internasjonale standarden ISO 3166, spesifikt ISO 3166-2:NO.
- ↑ «Arealstatistikk for Norge». Kartverket (norsk bokmål). 20. desember 2019. Henta 2. januar 2020.
- ↑ Lovdata. «Målvedtak i kommunar og fylkeskommunar». Henta 16. januar 2008.
- ↑ Statistisk Sentralbyrå (1. januar 2010). «Kvartalsvise befolkningsendringer».
- ↑ Statens kartverk (1. januar 2008). «Arealstatistikk for 2006». Kolonne F: Totalt areal: fastland og øyer: km²
- ↑ Lovdata. «Målvedtak i kommunar og fylkeskommunar». Henta 16. januar 2008.
- ↑ Instruks for sysselmannen på Svalbard, §2