Fylkeslistene ved stortingsvalet i 2001

Fylkeslistene ved stortingsvalet 2001 er ei fellesnemning på 9 lister som stilte til val under ulike namn ved stortingsvalet 2001. Felles for dei var at dei var sett opp av folk som hadde meldt seg ut av, eller blitt ekskludert frå Framstegspartiet, for mange av dei sin del fordi dei var meir radikale i innvandringsmotstanden sin enn Framstegspartiet. Den mest kjende av dei var stortingsrepresentanten Vidar Kleppe, som toppa Sørlandslista i Vest-Agder og òg stod på Hedmarkslista og Hordalandslista. Andre stortingsrepresentantar på listene var Dag Danielsen og Fridtjof Frank Gundersen, som var nummer ein og to på Oslo-lista, og Jørn L. Stang, som toppa Østfoldlista. Listene dreiv ikkje valkamp som eit felles parti, og sjølv om dei hadde mykje til felles var dei formelt separate einingar, og framstår som det på valstatistikken. Klart størst oppslutning fekk Sørlandslista til Vidar Kleppe, men heller ikkje han oppnådde å bli gjenvald til Stortinget.

Dette er resultata dei ulike listene oppnådde i sine fylke:

  • Sørlandslista 2,8 %
  • Hordalandslista 0,58 %
  • Sørlandslista Aust-Agder 0,38 %
  • Opplandslista 0,16 %
  • Oslo-lista 0,14 %
  • Østfoldlista 0,13 %
  • Hedmarkslista 0,09 %
  • Tromslista 0,09 %
  • Nordlandslista 0,09 %

Til saman fekk dei 9 listene 4 026 røyster, noko som utgjorde 0,16 % av røystene på landsbasis.

I august 2002 vart partiet Demokratane stifta med Vidar Kleppe som leiar. Mange av dei andre toppkandidatane frå dei ulike fylkeslistene gjekk òg med i det partiet, men ikkje alle. Til dømes vart toppkandidaten for Tromslista, Karl-Olav Slorafoss, seinare aktiv i Kystpartiet.