Fylkesveg 185 i Sogn og Fjordane

Sjå òg fylkesveg 185 (fleirtyding).

Fylkesveg 185 i Sogn og Fjordane er einaste fylkesveg i Leikanger kommune.

Vegen er sett saman av tre ikkje-samanhengande trasear: Njøs – Sæberg (2,6 km), Haug – Husabø (0,9 km) og Eggja – Valbrekka (1,8 km).

Fylkesvegen frå Njøs til Skitmyrane vart bygd på midten av 1960-talet, og erstatta den gamle bygdevegen. Vegen vart bygd vidare til Sæberg i samband med utbygging av Bustadfeltet Henjahaugane i andre halvdelen av 70-talet. På 60-talet var det snakk om å forlengja vegen, slik at me fekk samanhengande fylkesveg frå Njøs til Valbrekka, men planane vart lagde på is. Då kommunen prøvde å få liv i planane på slutten av 70-talet, var ikkje prosjektet aktuelt lenger for fylkeskommunen.

I februar 2012 har Leikanger kommune starta arbeid med reguleringsplan for fylkesvegen frå RV 55 til Skitmyrane. Føremålet med planen er å utvida vegen til fullbreidd, og å byggja gang- og sykkelveg langs køyrevegen. Tidlegare var det aktuelt å byggja ny veg opp Askedalen i staden for å rusta vegen opp over Njøs, men dette er lite aktuelt i dag.

Kommunar og knutepunkt endre

  Leikanger

  •   Njøs
  • Endepunkt Sæberg

  • Endepunkt Haug
  • Endepunkt Husabø → kommunal veg Husabøvegen til   Leikanger

  • Endepunkt Eggum
  • Endepunkt Valbrekka → kommunal veg Valbrekkevegen til   Ytre Hamre og Eggjavegen til   Holum.

Bakgrunnsstoff endre