Fylkesveg 55

veg i Oppland og Sogn og Fjordane
Fylkesveg 55
55
Strekning
Høyanger – Dragsvik
SogndalLom
Fylkesveg 55
Riksveier Oppland Sogn og Fjordane.svg
Informasjon
Lengd 248,1 km
Status
Fylke
fylkesveg
nasjonal turistveg
Oppland
Sogn og Fjordane
Tilstøytande vegar
Fylkesveg 55 Fylkesveg 55 Fylkesveg 55 Fylkesveg 55 Fylkesveg 55
Restriksjonar
Vinterstenging Sognefjellet
(november - mai)
Nattestenging Sognefjellet
(vinter)
Sjå òg Fylkesveg 55 (fleirtyding)

Fylkesveg 55 (Fv55) går mellom Vadheim i Høyanger og Dragsvik i Balestrand og mellom Stedje i Sogndal og Lom. Strekninga mellom Lom og Gaupne er nasjonal turistveg Sognefjellet. Veglengda er 248,1 km, av dette 52,6 km i Oppland og 195,5 km i Sogn og Fjordane.

Over Sognefjellet passerer i gjennomsnitt 600 køyretøy i døgnet dei månadane vegen er open. I juli er trafikken oppe i 1100 og i september nede i 300 køyretøy i døgnet.[1]

TuristvegenEndra

Vegen går hovudsakleg i retning nordaust–sørvest og følgjer dalføret mellom Breheimen og Jotunheimen. Han forlet Rv15 nær Lom stavkyrkje og følgjer Bøverdalen til Røysheim og vidare opp Leirdalen og Breiseterdalen til Krossbu og Sognefjellshytta (1410 moh) der Fantesteinen markerer det høgaste punktet på vegen. Frå her går vegen vidare over Sognefjell til Turtagrø og vidare ned Bergsdalen og Fortunsdalen til Skjolden og vidare langs nordsida av Lustrafjorden til Gaupne.

Vegen vidareEndra

Vegen forlet Gaupnefjorden i retning sørvest og passerer Hafslo og Sogndal, vidare langs nordsida av Sogndalsfjorden og Sognefjorden forbi Hermansverk og Leikanger til Hella og med ferje over Fjærlandsfjorden. Han følgjer nordsida av Sognefjorden vidare vestover frå Dragsvik og Balestrand til Lånefjorden, frå der går han i tunnel til Høyanger og vidare langs Sognefjorden igjen til Vadheim der han møter E39.

Kommunar og knutepunktEndra

  Oppland Endra

Lom kommune
 
Fylkesveg 55 ved Fantesteinen

  Sogn og Fjordane Endra

 
Fylkesveg 55 ved Turtagrø
Luster
 
Hafslovatnet. Solvorn ligg nedst i dalen i midten
Sogndal

Mellom Stedje og Dragsvik som riksveg 55

Leikanger
 
Kvinnefossen ligg ca. 2 km aust for Hella ferjekai
Balestrand

Høyanger

ReferansarEndra

  1. Statens vegvesen trafikktelling, tall for 2011 http://www.vegvesen.no/Fag/Trafikk/Trafikkdata/Trafikkregistreringer

BakgrunnsstoffEndra