Fylkesveg 76

veg i Nordland
Fylkesveg 76
76
Strekning
GraneBrønnøy
Fylkesveg 76
Riksveier Nordland.svg
Informasjon
Lengd 88,0 km
Tilstøytande vegar
Fylkesveg 76
Restriksjonar
Kolonnekøyring
om vinteren
Tosenfjellet
Sjå òg fylkesveg 76 (fleirtyding)

Fylkesveg 76 (Fv76 eller Tosenvegen) er ein veg i Nordland. Vegen er 88 km og går vest-aust mellom Brønnøysund i Brønnøy kommune og Vasselv i Grane kommune.

Dei største bygdene langs vegen er Tosbotn og Hommelstø. Tosenvegen er eit tverrsamband mellom kysten og det indre av Helgeland, vegen sikrar òg Sør-Helgeland ein lett tilkomst til E6. Vegen er stadvis smal og svingete. Dei farlegaste partia rundt Tosbotn vart utbetra sommaren 2004.

HistorieEndra

Vegen mellom Skillebotn og Hommelstø stod ferdig på 1930-talet. I 1938 vart bygginga av vegen Lande-Tosbotn-Svenningdal starta. Vegen stod ferdig til Enget ved Tosenfjorden i 1957 og til Tosbotn i 1964. Bygginga av strekninga mellom Tosbotn og Svenningdal vart starta i 1978, og vegen vart opna i 1987.

Tidl. RV803.

Før 1. januar 2010 var vegen riksveg. Etter at forvaltingsreforma trod i kraft har han status som fylkesveg.

Kommunar og knutepunktEndra

 
Rv76 går langs midten av halvøya
 
Torghatten i februar 2005

  Nordland Endra

Brønnøy kommune
  • Fv54 frå Brønnøysund via Brønnøysundbrua til Inner-Torget,   Torghatten
  • Brønnøysund  Hurtigruta, bilar kan takast med.
  • 17 Mossem
  • 17 Skillvika, felles trasé til Mossem
  • Arm til Hommelstø (0,7 km)
    • Fv46 frå Hommelstø til Naustviksjøen (1,6 km)
  • Fv48 frå Rønningstad til Hongset (9,2 km)
  • Fv49 frå Aksetåsan til Nevernes (6,1 km)
  •   Dagslåttunnelen (170 m) Kom etter at Hesthagtunellen blei sprengt bort. Opna i juli 1998.
  •   Hundflågtunnelen (29 m) Sprengt bort 9. januar 2004.
  •   Hevelen tunnel (68 m)
  • Tosbotn
  •   Tosentunnelen (5857 m)
Grane kommune
  •   Vasselv

KjelderEndra

  • Erling Svanberg: Langs veg og lei i Nordland - Samferdsel gjennom 3000 år. Nordland fylkeskommune, Bodø 1990. ISBN 82-7416-021-5

BakgrunnsstoffEndra