Fylkesveg 804
Fylkesveg 804 | |||
---|---|---|---|
804 | |||
Strekning | |||
Hattfjelldal sentrum – Ivarrud | |||
Informasjon | |||
Lengd | 21,7 km | ||
Status | fylkesveg | ||
- Sjå òg fylkesveg 804 (fleirtyding)
Fylkesveg 804 (Fv804) går mellom Hattfjelldal sentrum og Ivarrud i Hattfjelldal kommune. Vegen er 21,7 km lang.
Historie
endreVegen mellom Hattfjelldal og Unkerelv bru vart bygd mellom 1910 og 1913. Unkerelv bru var bygd 1901-02 og erstatta av ny bru i 1966. Fram til Ivarrud stod vegen ferdig i 1920.[1]
Sommaren 2002 vart vegen kraftig utbetra, forkorta frå 23 km[2] til 21,7 km og asfaltert.
Vegarbeidet vart avslutta i september 2002. Utbetringa vart markert ved ein seremoni den 19. oktober 2002 med vegsjefen for Nordland, Arne Løvmo, fylkesråd Alf Ivar Samuelsen, ordføraren i Hattfjelldal og to tidlegare ordførarar var med, saman med norske og svenske skuleelevar.
Før 1. januar 2010 var vegen riksveg. Etter at forvaltingsreforma trod i kraft har han status som fylkesveg.
Kommunar og knutepunkt
endre- Hattfjelldal sentrum
- Fv296 Sagavegen frå Nerli til riksgrensa ved Grensvollen (29,3 km)
- Fv298 frå Ivarrud til Sørmo (6,0 km)
- Fv290 frå Ivarrud til Kroken (18,2 km)
Referansar
endre- ↑ Erling Svanberg: Langs veg og lei i Nordland - Samferdsel gjennom 3000 år. Nordland fylkeskommune, Bodø 1990. ISBN 82-7416-021-5
- ↑ Noregs Automobilforbund: NAF veibok 98, Aktietrykkeriet i Oslo (trykk), Lundeby & Co. (innbinding), november 1997