Fylkesveg 885 i Nordland
veg i Nordland
- Sjå òg fylkesveg 885 (fleirtyding)
Fylkesveg 885 i Nordland går mellom Bitterstad i Hadsel kommune og Frøskeland i Sortland kommune. Vegen går langsetter Langøysundet og austsida av Eidsfjorden. Heile vegen har fått asfaltdekke etter at han vart oppgradert sommaren 2009. Til då hadde det vore grusveg mellom Sildpollen og Straumfjorden. Vegen er 45,2 km lang.
Strekninga mellom Bitterstad og Sandnes var in del av dåverande riksveg 19 fram til Hadselbrua vart opna 1. juli 1978.
Kommunar og knutepunkt
endre- 820 Frøskeland
- Fv951 frå Holmstad via Holmstaddalen til 820 Selnes (11,4 km)
- Fv952 frå Oshaugen til Holmstaddalen (2,8 km)
- Sildpollen
- Straumfjorden
- Slåttnes
- Grønning
- Fleines
- Kalsnes
- Vik
- Sandnes
- 82 Bitterstad