Fylkesveg 5928

veg i Møre og Romsdal

Fylkesveg 5928 (tidlegare fylkesveg 92 i Møre og Romsdal) går mellom Sylte og Tafjord i Norddal kommune. Vegen er 14,1 km lang.[1] Vegstrekninga frå Fjøra kai til Tafjord, kalla "Tafjordvegen", vart offisielt opna 1.juli 1982 etter at bygginga byrja hausten 1979.[2][3] Vegebana på Tafjordvegen er 6 m brei, med unntak av Muldal bru som er 4 m. Samla byggjekostnad for Tafjordvegen (10,9 km) var i 1982 rekna til 77 millionar kroner, av dette dekte Tafjord kraftselskap 35,6 millionar kroner, Olje- og industridepartementet 21,4 millionar, fylkeskommunen 14,3 millionar og kommunen 5,7 millionar.[4]

Tafjordvegen ved Muldalsvika, Muldalsfossen og Heggurtunnelen i bakgrunnen.

Vegen fylgjer Tafjorden mellom Sylte og staden Tafjord. Heggurtunnelen var den lengste tunnelen på ein fylkesveg i Noreg til reforma i 2010 då ei rad riksvegar vart overført frå staten til fylka.

Kommunar og knutepunkt endre

  Norddal

  • 63 Sylte
  •   Fjøretunnelen (1161 m)
  • Fv93 frå Fjøra kai til Sjølbøskor (3,7 km)
  •   Nerhus bru (3 m)
  •   Heggurtunnelen (5277 m)
  •   Muldal bru (20 m)
  •   Skjegghammartunnelen (662 m)
  • Endepunkt Tafjord

Kjelder endre

  1. Statens vegvesen, Møre og Romsdal: Vegliste 1990. Fylkesvegar og kommunale vegar i Møre og Romsdal.
  2. Storfjordnytt http://www.storfjordnytt.no/nyhende07/32-tafjordveg.html lese på nett 13.1.2013
  3. Storfjordnytt 26.november 1999.
  4. Statens Vegvesen, Møre og Romsdal: "Tafjordvegen", udatert hefte utgjeve ved opninga.

Bakgrunnsstoff endre