Fylkesveg 956 i Nordland

Sjå òg fylkesveg 956 (fleirtyding)

Fylkesveg 956 i Nordland går mellom Vikosen og Bremnes i Sortland kommune. Vegen er 16 km lang og går for det meste flatt langs Sortlandssundet, med høgste punkt ca 30 moh på Nevernes.

Opphavleg vart det bygd små kjerrevegar mellom gardane i området, slik det også var mange andre stader i Vesterålen. Samanhengande veg mellom gardane og rundt Gåsfjorden vart bygd på 1930-talet. Seinare fekk vegen status som fylkesveg. Også vegen til Holm hadde status som fylkesveg, men den vegbiten vart klassifisert ned til kommunal veg på 1980-talet. I siste halvdel av 1980-talet og fyrste halvdel av 1990-talet fekk vegen fast dekke. Vegen til Holm har framleis grusdekke.

Vegen på sørsida av Gåsfjorden vart tidlegare sperra av snøras fleire gonger om vinteren. På byrjinga av 1990-talet vart vegen utbetra og eit par rasvollar vart bygd, noko som gjorde at ein ikkje lenger har måtta stenge vegen grunna snøras.

Fylkesveg 956 har ein del tungtrafikk grunna transport av søppel til søppelplassen til avfallsselskapet Reno-Vest på Bremnes.

Kommunar og knutepunktEndra

 
Krysset ved Vikosen

  Sortland

  • 820 Vikosen
  • Privat veg til (nedlagde) Maskinførerskolen for landbruk, Vikeid
  • Vik
  • Fagernes
  • Gåsfjorden
  • Gåsbøl
  • Nevernes
  • Bogen
  • Kommunal veg frå Bremnesvatnet til Holm (6,0 km)
  • Endepunkt Bremnes
  • Privat veg vidare til søppelplassen åt Reno-Vest på Bremnes

BakgrunnsstoffEndra