Fyrstedømet Rjazan
Fyrstedømet Rjazan oppstod i 1078, då det vart skild ut frå fyrstedømet Tsjernigov. I 1521 vart fyrstedømet ein del av storfyrstedømet Moskva. Den første herskaren av Rjazan var visstnok Jaroslav Sviatoslavitsj, fyrste av Tsjernigov (ein by i Kiev-riket), sineare fyrste av Murom-Rjazan.
I 1097 vart fyrstedømet sjølvstendig (storfyrstedøme). I desember 1237 vart Rjazan rasert av monglane til Batu Khan og den gamle hovudstaden vart øydelagd. I 1301 tok fyrst Daniel av Moskva Rjazan på grunn av forræderiet til bojarane og sette fyrst Konstantin i fengsel. I 1305 gav son til Daniel, fyrst Jurij av Moskva ordre om å drepe han. Dei neste to etterkomarane til Konstantin vart drepne av Den gylne horden. I 1380 tok fyrst Oleg Ivanovitsj, som ein alliert av Mamai, del i slaget ved Kulikovo.
Meste av tida medan det eksisterte var fyrstedømet Rjazan i konflikt med fyrstedømet Pronsk, før sistnemnde vart annektert av Rjazan i 1483 under regjeringstida til Anna av Rjazan.
I 1520 vart storfyrste Vasilij III av Russland tatt til fange og sett i fengsel i Moskva, og vart den siste storfyrsten av Rjazan på grunn av forholdet til krim-khanen Mehmed I Giray. I 1521 flykta fyrst Ivan Ivanovitsj til storfyrstedømet Litauen, og etter dette vart Rjazan innlemma i storfyrstedømet Moskva.
Fyrstar av Rjazan
endre- 1097–1129 Jaroslav Sviatoslavitsj
- 1129–1143 Sviatoslav Jaroslavitsj (d. 1145)
- 1143–1145 Rostislav Jaroslavitsj (d. 1155)
- 1145–1178 Gleb Rostislavitsj (d. 1178)
- 1178–1207 Roman Glebovitsj (d. ca. 1210)
- 1213–1217 Roman Igorevitsj (d. 1217)
- 1217–1235 Ingvar Igorevitsj (d. 1235)
- 1235–1237 Jurij Igorevitsj (d. 1237)
- 1237–1252 Ingvar Ingvarevitsj (d. 1252)
- 1252–1258 Oleg Ingvarevitsj den raude (1230–1258)
- 1258–1270 Roman Olegovitsj (d. 1270), helgenen
- 1270–1294 Fjodor Romanovitsj (d. 1294)
- 1294–1299 Jaroslav Romanovitsj (d. 1299)
- 1299–1301 Konstantin Romanovitsj (d. 1305)
- 1301–1308 Vasilij Konstantinovitsj (d. 1308)
- 1308–1327 Ivan Jaroslavitsj (d. 1327)
- 1327–1342 Ivan Ivanovitsj Korotopol (d. 1343)
- 1342–1344 Jaroslav Aleksandrovitsj (d. 1344)
- 1344–1350 Vasilij Aleksandrovitsj (d. 1350)
- 1350–1402 Oleg Ivanovitsj (d. 1402)
- 1402–1427 Fjodor Olegovitsj (d. 1427)
- 1427–1456 Ivan Fjodorovitsj (d. 1456)
- 1456–1483 Vasilij Ivanovitsj Tretnoj (d. 1483)
- 1483–1500 Ivan Vasilievitsj (d. 1500)
- 1500–1521 Ivan Ivanovitsj (1496–1534)
Bakgrunnsstoff
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Ryazan Principality» frå Wikipedia på engelsk, den 15. november 2008.