Fysisk planlegging
Fysisk planlegging er den delen av samfunnsplanlegginga som handlar om bruk og utforming av fysiske omgjevnader. Det gjeld blant anna naturmiljøet, samfunn, areal, terreng, bygningar, anlegg, teknisk infrastruktur. Omgrepet arealplanlegging blir òg mykje brukt. Sjølv om dette omgrepet signaliserer ei planlegging i to dimensjonar, fortel det som fagleg term om romlege forhold.
I mange land, blant anna i USA, gjev omgrepet physical planning omtrent same meining som fysisk planlegging. På tysk vil heller Raumplanung eller Raumordnung gje dei rette assosiasjonane. Internasjonalt, til dømes i EU-dokument, er det engelske spatial planning i ferd med å feste seg som eit omgrep for romleg, eller tredimensjonal, planlegging.
Andre planleggingsomgrep kan spesifisere kva slag område planlegginga gjeld, for eksempel om det gjeld by- og land (town and country planning/urban and regional planning), samspelet mellom by og omland (town and regional planning), byplanlegging spesielt, planlegging for landsbygda, eller for bestemte geografiske soner.
Fysisk planlegging er i Noreg ein viktig del av den planlegginga som skjer på grunnlag av plan- og bygningsloven. Etter loven skal planlegginga sette mål for den fysiske, miljømessige, økonomiske, sosiale, estetiske og kulturelle utviklinga. Planlegging skal gjennomførast på statleg, fylkes- og kommunalt nivå, og det skal vere samanheng mellom planane på ulike nivå og for ulike sektorar. Sentralt har Kommunal- og moderniseringsdepartementet ansvar for planlegging i Noreg.
Fysisk planlegging i Noreg skjer fyrst og fremst i kommunane, som skal ha kommuneplan og reguleringsplanar. Kommuneplanen skal ha ein arealdel som viser arealbruken og gjev føresegner for bruk og utforming av areala. Reguleringsplanar skal vise arealbruken på kart, og ha føresegner på same måte som kommuneplanen.
Tradisjonelt har arkitektar, landskapsarkitektar og bygningsingeniørar hatt kompetanse i fysisk planlegging. Etter kvart er etablert en egen planleggarprofesjon. Fakultet for arkitektur og biletkunst, Institutt for byforming og planlegging ved NTNU tilbyr ei toårig masterutdanning som gjev tittelen Master i fysisk planlegging. Fakultet for samfunnsvitskap, Institutt for landskapsplanlegging ved Norges miljø- og biovitenskapelige universitetet (NMBU) er i dag landets største planfaglige miljø og tilbyr ei femårig masterutdanning i By- og regionplanlegging som gjev tittelen By- og regionplanleggar og Landskapsarkitektur som gjev tittelen Landskapsarkitekt.
Kjelder
endre- Langdalen, E. (1994) Arealplanlegging. Form, funksjon, fellesskap. Oslo: Universitetsforlaget. ISBN: 82-00-21791-4 (e-bok frå bokhylla.no]
- Kleven, T. (2011) Fra gjenresining til samfunnsplanlegging. Norsk kommuneplanlegging 1965- 2005. Tapir. ISBN: 9788251926911
- Falleth, E og Stokke, K.B (2001): Kommune- og økonomiplanlegging. Hva gjør kommunene. Oslo; NIBR. ISBN 82-7071-332-5
- Aarsæther, N, Falleth, E, Nyseth, T og Kristiansen, R (2012): Utfordringer for norsk planlegging. Kunnskap - bærekraft - demokrati. Cappelen Damm. ISBN 978- 82-7634-901-6
- Olsen, A og Selfors A (1986) Fysisk planlegging. Fagbokforlaget. ISBN 7322-162-8
- Engelsk Wikipedia: Spatial planning Besøkt 17. desember 2015