Gáisi valkrins
Gáisi valkrins (nordsamisk Gáiseguovllu válgabiire, bokmål Gáisi valgkrets) er ein valkrins ved Sametingsvala i Noreg frå og med valet i 2009.[1] Krinsen vert også kalla valkrins 4. Stemmerett i krinsen har dei som er busette der og er innførte i manntalet til Sametingsvalet. I 2017 var det 2547 personar som var registrerte i manntalet i området.[2]
Krinsen femner kommunane Kåfjord, Storfjord, Lyngen, Karlsøy, Tromsø, Balsfjord, Målselv, Bardu, Lenvik, Berg, Torsken, Tranøy og Sørreisa i Troms fylke.[1]
I 2009 vart det vald inn fem sametingsrepresentantar frå krinsen.[3] Sametinget skal til saman ha 39 representantar.
Krinsordninga ved Sametingsvala vart endra framfor valet i 2009. I staden for dei 13 krinsane ein nytta ved Sametingsvala i 1989, 1993, 1997, 2001 og 2005, er det frå 2009 sju krinsar.[4] Gáisi valkrins tilsvarar dei tidlegare krinsane Midt-Troms valkrins og Nord-Troms valkrins, utom kommunane Skjervøy, Nordreisa og Kvænangen som no høyrer til Nordre valkrins, med tillegg av Sørreisa kommune som tidlegare høyrde til Sør-Troms valkrins.[5]
Parti og vallister som stilte til Sametingsvalet i 2017 i Gáisi valkrins
endreDesse partia og vallistene stilte til Sametingsvalet i 2017 i krinsen.[6]
Referansar
endre- ↑ 1,0 1,1 Lov om Sametinget og andre samiske rettsforhold (sameloven). på nettstaden lovdata.no
- ↑ «Sametingets valgmanntall 2017», www.sametinget.no, arkivert frå originalen 26. februar 2019, henta 26. februar 2019
- ↑ Mandatfordelingen. Sametinget. Henta frå https://www.sametinget.no/Valg/Valgordningen-og-valgkretsene Arkivert 2019-02-26 ved Wayback Machine. den 25.2.2019.
- ↑ «Ny valgordning» på nettstaden til Det norske sametinget[daud lenkje]
- ↑ Sametingsvalget 2009: «4. Gáiseguovllu válgabiire/Gáisi valgkrets» på nettstaden til NRK Sameradioen
- ↑ «Valgkrets 4 Gáisi», www.sametinget.no, arkivert frå originalen 27. februar 2019, henta 26. februar 2019