Opna hovudmenyen

Rolf Göran Claeson (fødd 4. mars 1945) er ein svensk tidlegare skeiseløpar frå Stockholm. Han vart både verds- og europameister i firkamp sesongen 1973, og europameister 1974.

Göran Claeson
Göran Claeson 1970.jpg
Fødd 4. mars 1945
Stockholm, Solna kommun
Yrke skøyteløpar
Göran Claeson på Commons

Claeson slo gjennom i 1969-sesongen med andreplass i firkamp-VM og tredjeplass i EM, den siste plasseringa kopierte han i 1970. Ved firkamp-VM 1971 i Göteborg vart han som to år tidlegare andremann, og som sist såg han sin overmann i norske Dag Fornæss. Under Vinter-OL 1972 i Sapporo tok Claeson bronsemedaljen på 1500 m.

I slutten av januar 1973 vann Claeson europameisterskapen i Grenoble framom fem nederlendarar. Tre veker seinare låg han hårfint bak den norske langdistansespesialiten Sten Stensen før den avsluttande 10 000-meteren under firkamp-VM i Deventer. I milløpet overraska Claesson med å vinne både distansen og VM-tittelen framfor nordmannen. Ved EM 1974 på svensk heimebane i Eskilstuna vann Claesson med endå mindre margin, han passerte opp forbi norske Amund Sjøbrend med 0,023 tidspoeng på 10 000 meter. Seinare i 1974 vart han nummer tre i firkamp-VM i vesttyske Inzell.

Claeson vart svensk firkampmeister sju år på rad; 1968-75. Han la opp etter 1975-sesongen.

KjelderEndra