G7 (Group of seven) er eit samarbeidsforum mellom finansministrane i sju av dei rikaste landa i verda: Frankrike, Italia, Japan, Storbritannia, Tyskland, USA og Canada.

G7-landa og EU på eit verdskart.

Gruppa møtest fleire gonger i året og diskuterer politiske og økonomiske saker. Møta starta i 1975, då som G6, og har vore kalla G7 sidan Canada slutta seg til året etter. Då Russland slutta seg til i 1997 vart G8 danna som eit forum for statsleiarane, medan dei heldt på G7 som eit forum for finansministrane.

Kjelder endre