GP av Gram Parsons

GP
Studioalbum av Gram Parsons
Språk engelsk
Utgjeve Januar 1973
Innspelt September til oktober 1972
Studio Wally Heider Studio 4 i Hollywood i California
Sjanger Countryrock
Lengd 38:26
Selskap Reprise
Produsent Gram Parsons, Ric Grech
Gram Parsons-kronologi 
Burrito Deluxe med The Flying Burrito Brothers
(1970)
GP Grievous Angel
(1974)


Singlar frå GP
  1. «She»
    Utgjeve: Januar 1973
  2. «The New Soft Shoe»
    Utgjeve: Mars 1973

GP er den første soloplata til den amerikanske musikaren Gram Parsons, utgjeven i 1973. GP fekk god kritikk då det kom ut, men selde ikkje godt nok til å gå inn på Billboard-lista. I den originale meldinga i Rolling Stone som dekka både GP og oppfølgjaren, Grievous Angel, vert vokalen og leveringa til teksten til Parsons hylla.[3]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic5/5 stars[1]
Christgau's Record GuideB+[2]

Bakgrunn endre

Etter å ha fått sparken frå det førre bandet sitt, det kritikarroste The Flying Burrito Brothers, valde Parsons å satse på ein solokarriere.I motsetnad til dei to albuma hans med The Burritos, som blanda country med soul og rock, ønskte Parsons denne gongen å lage eit meir tradisjonelt countryalbum. Men det stadige dopproblemet hans (som var ein av faktorane som gjorde at han fekk sparken i The Burritos) og venskapen hans med Keith Richards i Rolling Stones forseinka soloplanane hans. Mojo publiserte ein artikkel om Parsons av John Harris der vert skildra at Parsons vart verande med Rolling Stones i mars 1971 under den ti dagar lagne «Goodbye Britain»-turneen sin og var så mykje av sommaren i London, før han og kjærasten Gretchen Burrell så flydde til Sør-Frankrike og var to månader der i lag med Keith Ricahrds og kjærasten hans. Medan The Stones brukte månader på å fullføre meisterverket Exile on Main Street i kjellaren, var ofte Parsons i overetasjen der han og Richards ofte vart sitjande i timesvis og spele gamle countrysongar. Tilstanden til Parsons forverra seg så pass at han vart kasta ut frå staden, som David N. Meyer skreiv i biografien om Parsons i 2007, Twenty Thousand Roads: «I Nellcote var det ingen, ikkje ein gong Richards, som trudde at det var noko sjanse til å redde Gram. Toleransen for sjølvdestruksjonen hans var gått ut. The Stones hadde eit album dei skulle spele inn. Gram hadde gjeve dei mykje av inspirasjonen for det som enda opp på plata, men han var no blitt ei belasting. Det var på tide å få han ut der frå.» Parsons var knust av å ha blitt kasta ut av den indre krinsen kring The Stones og drog attende til London. Ein kort periode budde han i lag med den tidlegare bandkollegaen sin frå International Submarine Band, Ian Dunlop, i Cornwall før han reiste attende til Los Angeles med føremålet om å lage eit soloalbum for Warner Bros.

Innspeling og komposisjon endre

I starten gjekk countrystjerna Merle Haggard med på å produsere det første soloalbumet til Parsons, men trekte seg i siste augneblink. I følgje Meyer-biografien Twenty Thousand Roads, arrangerte Warner Bros. eit møte heime hos Haggard i Bakersfield og dei to musikarane såg ut til å kome godt overeins, men seinare på ettermiddagen, under den første innspelinga, trekte Haggard seg. Parsons var enorm fan av Haggard og var knust, og kona hans Gretchen fortalte til Meyer «at Merle ikkje skulle produsere Gram var truleg det største vonbrotet i livet til Gram. Merle var veldig hyggeleg, særs søt, men han hadde sine eigne fiendar og demonar.» Parsons klarte å få tak i lydteknikaren til Haggard, Hugh Davies, for det komande albumet, i tillegg til kjernen i bandet til Elvis Presley: James Burton (som òg hadde spelt på plater med Haggard) på gitar, Glen D. Hardin på piano og orgel, og Ronnie Tutt på trommer. Det største kuppet til Parson var derimot oppdaginga av Emmylou Harris, ein ukjend songar frå Washington, D.C., som vart tilrådd til Parsons av Chris Hillman. I BBC-dokumentaren Beyond Nashville fortalte Harris «Eg må sei at før eg hadde møtt Gram og byrja å arbeide med han, så hadde eg ikkje eigentleg forstått eller hatt ein kjærleik for eller følt countrymusikken. Som dei fleste i min generasjon, du veit, country var politisk ukorrekt for oss på det tidspunktet. Det assosiert med Republikanarane og høgresida og den slags. Han lærte meg venleiken og poesien, det enkle, det ærlege i musikken. Og eg elskar harmonien som kom frå å syngje med han.»

Innspelinga for GP vart gjort i september og oktober 1972 og vart produsert av den tidlegare Blind Faith-bassisten Ric Grech. Parsons var ute av seg av spaning over å vere omgjeve av slike fantastiske musikarar, men òg veldig skremd av at dei var der. I februar 2013 fortalte David Cavanagh i Uncut om kor tilbakehalden songaren var. «Øvingan for GP sokk ned i dop-kuler. Songane kom saman - 'Still Feeling Blue' (ein original av Parsons), 'Kiss the Children' (av Grech), 'Streets of Baltimore' (ein song frå 1966 av Tompall Glaser og Harlan Howard) - men Gram falt frå kvarandre i saumane. Han var alkoholisert. Han tok haugevis med kokain. Han var oppblåst og sveitt. Vener i Los Angeles estimerte at han hadde lagt på seg 20 kg sidan Burrito-dagane. Songaren og rytmegitaristen Barry Tashian hugsa han som 'nervøst spent' om albumet, men merkeleg lamma av passivitet.» I dokumentaren Gram Parsons: Fallen Angel frå 2004 sa Harris: «Gram drakk mykje under innspelinga, og det var gonger då han tok seg saman, og gonger då han ikkje gjorde det. Eg hadde ikkje vore med på mange innspelingar då og tenkte 'Om dette er måten folk lager plater på, så forstår eg det berre ikkje'. Parsons innsåg at han var i ferd med å blåse bort den store sjansen sin, og reduserte drikkinga og fullførte innspelinga.

 
Gram Parsons i 1972.

Songane på GP syner at Parsons verdsette både Bakersfield-stilen som Haggard og Buck Owens var pionerar innan, og meir streit country og R&B. Albumet er like mykje eit utstillingsvindauge for Harris, som syng to duettar med med Parsons i same stil som George Jones og Tammy Wynette på «That's All It Took» (ein song skriven av Jones) og «We'll Sweep Out the Ashes in the Morning.» Sistnemnde er ein klassisk countrysong om to elskarar plaga av skuld som er samde om at affæren deira må stoppe - men ikkje heilt enno. Som David Cavanagh i Mojo skreiv i 2013, er fleire av songane på albumet, som «A Song For You» og «She,» om «Sørstatane som Parsons dukka opp frå - eller i det minste måten han ynskjer å vise det til oss på - med bibelske bilete i kvar utsikt og skjelvande jord som ristar trea lause. Om det har noko slikt som konsept, er GP eit countryalbum om sjølve countrymusikken.» Parsons syner ein roleg, beherska vokal på fleire songar, som «Kiss the Children» og «How Much I've Lied,» og tilsette materialet med ein modenheit som ein ikkje finn på dei tidlegare innspelingane hans, der synginga hans har ein nesten barnleg sårbarheit. Parsons spelte òg inn J. Geils Band-songen «Cry One More Time», og omforma R&B-balladen til det han ofte kalla «kosmisk amerikansk musikk», ei blanding av fleire amerikanske musikkstilar. Lydteknikaren Hugh Davies sa seinare i ein biografi om Parsons frå 2007: «Det var ein slags funky country. Ikkje heilt rock, men noko anna enn tradisjonell country.»

Plateomslaget på GP syner Parsons sitjande i ein stol på Chateau Marmont i Hollywood, der han budde med kona si då det første albumet vart spelt inn.

The Fallen Angels endre

Parsons turnerte for å marknadsføre plata og sette i saman eit band han kalla The Fallen Angels, med mellom andre Emmylou Harris. I dokumentaren Fallen Angel skildra steelgitaristen Neil Flanz om øvingane, som fann stad heime hos manageren Phil Kaufman i Van Nuys i California, som ein uavgrensa katastrofe: «Det var berre fest det meste av tida. Me var ikkje seriøse nok med øvingane. Det var berre vilt. Alle spelte musikk og hadde det kjekt, men me gjorde ikkje det me skulle.» Kaufman sa: «Me hadde ein stor fest. Warner Bros. heldt ein stor fest for oss før me drog på turné. Me hadde ein turnébuss, og det var den verste turnébussen nokon gong. Nokon gong. Gram tok med seg Gretchen og me forlet huset mitt og drog på turné, og turneen var berre katastrofe på katastrofe.» Etter det som vart fortalt, var det stort sett viljestyrken til Harris som disiplinerte bandet og fekk konsertane til å gå rundt.

Mottaking endre

Som med arbeidet hans med The Flying Burrito Brothers, selde ikkje GP særskild godt. Verken albumet eller singelen «She» gjekk inn på Billboard-lista. Men det fekk god kritikk å det kom ut. Bud Scoppa i Rolling Stone skreiv «Gram Parsons er ein artist med ein visjon like unik og personleg som Jagger/Richards, Ray Davies eller andre kjende figurane» og hylla det «ekte og rustikke» på albumet og den «utrulege røysta» til Parsons. Albumet har sidan fått høgare status og AllMusic gav det fem av fem stjerner. Dei skreiv at det «truleg er det beste uttrykket av den musikalske personlegdomen hans. Dette albumet er ei heimsøkande påminning om talentet og innverknaden Parsons hadde, og har berre blitt betre med åra.» I platenotisa for samlealbumet GP i 1982, skreiv Elvis Costello: «Gram Parsons var med å skape eit Frankenstein-monster: countryrock. Men den første Warners-plata hans, GP, var ikkje tru mot denne stilen. Songane handlar om talt eller stolen kjærleik, kryssa med ein og annan R&B-rytme. Om det ikkje skulle røre deg, er det du som har eit stort problem.»

Innhald endre

Alle songar er skrivne av Gram Parsons, utanom der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Still Feeling Blue» 2:40
2.«We'll Sweep Out the Ashes in the Morning»Joyce Allsup3:13
3.«A Song for You» 4:58
4.«Streets of Baltimore»Tompall Glaser, Harlan Howard2:53
5.«She»Parsons, Chris Ethridge4:59
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«That's All It Took»Darrell Edwards, Charlotte Grier, George Jones3:38
2.«The New Soft Shoe» 3:54
3.«Kiss the Children»Ric Grech2:57
4.«Cry One More Time»Peter Wolf, Seth Justman3:38
5.«How Much I've Lied»Parsons, David Rivkin2:29
6.«Big Mouth Blues» 3:52

Medverkande endre

Kjelder endre

  1. Deming, Mark. GP av Gram ParsonsAllmusic. Henta 10. oktober 2020.
  2. Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: P». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 10. oktober 2020 – via robertchristgau.com. 
  3. Scoppa, Bud (1. mars 1973). «Gram Parsons: GP/Grievous Angel > Review». Rolling Stone (129). Arkivert frå originalen 15. september 2016. Henta 10. oktober 2020.