Gainsbourg Percussions

Gainsbourg Percussions
Studioalbum av Serge Gainsbourg
Språk fransk
Utgjeve 1964
Innspelt 5.-16. oktober 1964
Sjanger Etnisk musikk, jazz
Lengd 28:13
Selskap Mercury
Produsent Claude Dejacques
Serge Gainsbourg-kronologi 
Gainsbourg Confidentiel
(1963)
Gainsbourg Percussions Anna
(1967)


Gainsbourg Percussions er det sjette albumet til Serge Gainsbourg og kom ut i 1964. Albumet er eit av dei første etnopopalbuma som vart laga og inneheld mykje nordafrikanske og karibiske rytmar i ein pop- og jazzstruktur. Albumet skil seg kraftig ut frå det meste anna musikk som vart laga på midten av 1960-talet.

Albumet opnar med «Joana» og «Là-Bas C'est Naturel» som er særs etniske med kvinner på afrikansk song og heftige afrikanske rytmar. Ein finn derimot òg meir tradisjonelle jazzspor, som «Machins Choses», «Coco & Co» og «Pauvre Lola» («Stakkars Lola»), men sistnemnd har ein typisk Gainsbourg-tvist med ungpikelatter gjennom heile songen frå France Gall. Vidare finn ein meir latinske songar som «Les Sambassadeurs» (samba) og «Couleur Café» og «Ces Petits Riens» (bossanova),

Den etniske «New York - U.S.A.» vart ein liten hit for Gainsbourg. Det er ein underleg liten song med berre perkusjon og vokal der Gainsbourg og eit kor syng «J'ai vu New York, New York U.S.A.» (Eg såg New York, New York USA) i refrenget, medan resten av teksten stort setter er ei opplesing av bygningar i New York (Rockfeller Centre, International Building, Panamerican Building, Bank of Manhattan osv.) «Marabout» er ein song i same gate med berre perkusjon og vokal.

Mange av songane dukka opp på samleplata Couleur Café nokre år før resten av albumet vart gjeve ut på CD i 2001.

Albumet er arrangert av Alain Goraguer.

Innhald endre

Alle songar er skriven av Serge Gainsbourg.

  1. «Joana» - 1:59
  2. «Là-Bas C'est Naturel» - 2:28
  3. «Pauvre Lola» - 2:26
  4. «Quand Mon 6,35 Me Fait Les Yeux Doux» - 1:50
  5. «Machins Choses» - 3:15
  6. «Les Sambassadeurs» - 2:01
  7. «New York - U.S.A.» - 2:17
  8. «Couleur Café» - 2:12
  9. «Marabout» - 2:08
  10. «Ces Petits Riens» - 2:00
  11. «Tatoué Jérémie» - 1:44
  12. «Coco & Co» - 3:00

Musikarar endre