Galdhøpiggen sommerskisenter

Galdhøpiggen sommerskisenter er eit skisenter som ligg på Juvbreen ved foten av Galdhøpiggen i Lom kommune i Innlandet. Anlegget har ein T-krok-heis, med kapasitet på 1200 personar i timen, og éin nedfart som er 1400 meter lang og har 350 meter høgdeforskjell.[1] Bakken er godt eigna til både alpint, telemark og snøbrett.[2]

Ved innkøyrselen er det ein kafeteria med 210 sitteplassar, og avdeling for utleige av alpint utstyr.

Kjelder endre

  1. «Sommerski på Vestlandet». fjords.com. Henta 22. januar 2014. 
  2. «Sommerski». visitnorway.com. Henta 22. januar 2014. 

Bakgrunnsstoff endre