Galina Zybina
Galina Ivanovna Zybina[a] (22. januar 1931–10. august 2024) var ein sovjet-russisk friidrettsutøvar som tevla for Sovjetunionen. I tida 1950-66 var ho ein av dei beste utøvarane i verda i kulestøyt, i si fyrste som aktiv også i diskoskast og spydkast. Ho vart olympiameister i kulestøyt i 1952 og europameister i same i 1954.
Galina Zybina | |
Statsborgarskap | Sovjetunionen, Russland |
Fødd | 22. januar 1931 St. Petersburg |
Død | 10. august 2024 (93 år) St. Petersburg |
Idrett | friidrett |
Tok del i | athletics at the 1964 Summer Olympics – women's shot put, athletics at the 1960 Summer Olympics – women's shot put, athletics at the 1956 Summer Olympics – women's shot put, athletics at the 1952 Summer Olympics – women's shot put, Sommar-OL 1952 |
Utmerkingar | Arbeidets røde fanes orden, Medaljen for forsvaret av Leningrad, Idrettens mester i Sovjetunionen |
Aktiv
endreZybina tok bronsemedaljen i spydkast i europameisterskapen 1950 med 42,75 m, medan ho i kulestøyt vart ho nummer fire.
Under dei olympiske leikane 1952 i Helsingfors sette Zybina verdsrekord og vart olympisk meister i kulestøyt med 15,28 m. I spydkast vart ho nummer fire.
I europameisterskapen 1954 vann Zybina kuletevlinga med 15,65 m, framom landslagskollegaene Marija Kuznetsova med 14,99 m og Tamara Tysjkevitsj med 14,78 m. Også i diskoskasting gjekk alle medaljane til Sovjetunionen, der Zybina tok bronse med 44,74 m.
Sju veker før sommar-OL 1956 tok til i Melbourne sette Zybina verdsrekord med 16,76 meter i Tasjkent. OL-finalen fann stad den 30. november, der Zybina leia fram til siste omgang. Her forbetra ho leiarresultatet til 16,53 m, men måtte likevel sjå slått av landsmannen Tamara Tysjkevitsj som i sitt siste forsøk støytte kula 16,59 m.
Etter ein sjuandeplass i OL 1960 i Roma med 15,56 m, vann Zybina ein ny medalje under europameisterskapen 1962 i Beograd. Bak suverene Tamara Press, som sette verdsrekord og vann gull for Sovjetunionen med 18,55 m, og Renate Garisch frå Aust-Tyskland med 17,17 m, tok Zybina bronsemedaljem med 16,95 m. To år seinare vart medaljane i kulestøyt-tevlinga under OL i Tokyo delt på dei same tre utøvarane, og i nett same rekkefylgja. Press vann med 18,14 m framom Garisch med 17,61 m og Zybina med 17,45 m.
I sitt siste internasjonale meisterskap, EM i friidrett 1966 i Budapest, vart Zybina utan medalje. Ho vart nummer fire i kulestøyt med 16,65 m. Den nye stormeisteren i øvinga, landsmannen hennar Nadesjda Tsjisjova, sigra med 17,22 m.
Zybina sette åtte verdsrekordar i kulestøyt frå 1952 til 1956. Sin personlege rekord i øvinga, 17,50 m, presterte ho i 1964. I diskoskast nådde ho 48,62 m i 1955, og i spydkast 54,98 m i 1958.
Merknadar
endre- ↑ Russisk skrift Галина Ивановна Зыбина
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Galina Iwanowna Sybina» frå Wikipedia på tysk, den 28. august 2014.