Galta er ein stad i Stavanger kommune i Rogaland fylke. Galta ligg nord på Rennesøy like sør for ferjeterminalen i Mortavika på Europaveg 39.

Arkeologisk er staden kjend for funn av fleire steinalderbustader. Den eldste av dei, Galta 3, er frå rundt 10 000 år f.Kr. og blei undersøkt i 1989–1990. Galta 3 er dermed ein av dei eldste bustadene som er funne ved kysten i Sør-Noreg.

Ahrensburgkulturen endre

Reiskapane som blei funne på bustaden tyder på at steinalderfolket her tilhøyrde kulturkretsen kjend som ahrensburgkulturen, oppkalla etter ein funnstad ved Ahrensburg nord for Hamburg i Nord-Tyskland. Kulturen har eit utbreiingsområde i Nord-Europa som strekkjer seg frå aust i Polen til Belgia, Nederland og England. I Skandinavia er han særleg representert i Danmark, men det er også gjort funn i Skåne.

Heile området i det som no er sør i Nordsjøen var då fast land, og blir ofte kalla Nordsjølandet eller Nordsjøfastlandet. Det var mogleg å padla over Norskerenna i skinnbåtar.

Menneska som kom til Galta la ut på vandring frå et område lengre sør som no ligg under vatn, eller dei drog over Jylland.

Tsunami endre

Området blei ramma av ei enorm flodbølgje, ein tsunami, etter eit undersjøisk skred for ca. 11 200 år sidan. Utstyret på staden blei skylt på havet og seinare lagt att i strandsona. Galta blei også teke i bruk etter ulukka.[1]

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

  1. Gudmund Løvø, «Steinalderboplass tatt av tsunami» Arkivert 2007-09-29 ved Wayback Machine., forskning.no