Game Boy Micro er ein handhalden spelkonsoll utvikla, produsert og marknadsført av Nintendo. Han er den andre og siste omforminga av Game Boy Advance, og det siste tilskotet i Game Boy-serien. Konsollen vart lansert i Japan og Nord-Amerika september 2005 og i Australia og Europa november same året. Game Boy Micro stør ikkje spelkassettane for Game Boy og Game Boy Color.

Logo for Game Boy Micro
Gameboy Micro

GBM har ein mindre, men merkbart skarpare skjerm enn forgjengarane, med justerbar ljosstyrke. Den har ogso høyretelefonutgong og utskiftbare frontdeksel. Game Boy Micro er ikkje kompatibel med dei eldre Game Boy- og Game Boy Color-konsollane, og spel utvikla til disse kan derfor ikkje bli spelt på GBM.

Det er den siste konsollen i den originale Game Boy-serien. Mottakinga til den handhelde konsollen var god og andmeldelsane fabelaktige. I Japan har den håndholdte blitt utgiven i fire fargar og stilar kvar. Dei fire fargane er svart, blå, lilla og sølv.

Historie endre

Game Boy Micro blei offisielt avduka av Nintendo of America sin visepresident for sal og marknadsføring, Reggie Fils-Aime, på selskapet sin E3 pressekonferanse den 17. mai 2005. Systemet blei lansert i Japan den 13. september 2005 og i Nord-Amerika den 19. september 2005. GBM blei utgiven i Europa den 4. november 2005 og Australia den 3. november 2005. Den kom ut i Kina som iQue Game Boy Micro den 1. oktober 2005]] og senere given ut i Sør-Korea den 9. november 2005.

Kjelder endre

  Denne dataartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.