Gamkonora
Gamkonora er ein stratovulkan på øya Halmahera i Indonesia. Med sine 1 560 meter over havet er vulkanen den høgste fjelltoppen på øya. Vulkanen har laga ei rekke med krater langs ein nord-sør-gåande sprekk i jordskorpa. Største utbrotet fann stad i 1673 og vart fylgt av ein tsunami som fløymde over dei nærliggjande landsbyane.
Gamkonora | |||
vulkan | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
![]() Gamkonora | |||
Wikimedia Commons: Mount Gamkonora | |||
Mellom 1564 og 1989 hadde vulkanen tolv utbrot. Siste utbrotet til Gamkonora hende 10. juli 2007. Meir enn 8 000 menneske i nærleiken av vulkanen skal då ha flykta frå heimane sine.
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Mount Gamkonora» frå Wikipedia på engelsk, den 2. juni 2012.