Opna hovudmenyen

Gamle Aker kyrkje

kyrkje i Oslo

Koordinatar: 59°55′25″N 10°44′45″E

Gamle Aker kyrkje
kyrkje
Gamle Aker kirke.JPG
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Oslo
Prosti Oslo domprosti
Sokn Sentrum og St. Hanshaugen
Fellesråd Oslo
Lengd Skip: lengde 28,4m  breidde 17m  kor: lengde 7,6m  breidde 8 7m m
Periode Romansk
Arkitekt Restaurering ved
Wilhelm von Hanno og
Heinrich Ernst Schirmer
i 1861
Teknikk Steinkyrkje
Material Kalkstein
Innvigd 1100-talet
 - Endringar 1861, indre restaurering 1950–55
Tårn Sentraltårn påbygd i 1860-åra
Skip Tre skip; midtskip og to sideskip
Kyrkjegard Det er kyrkjegard ved kyrkja
Preikestol I tre, laga av Thomas Blix i 1715
Døypefont I tre, laga av Thomas Blix i 1715
Altartavle Altarbord. Glasmåleri bak er av Thorvald Moseid frå 1950, motiv Den Sigrande Kristus[1]
Sitjeplassar 350
Wikimedia Commons: Gamle Aker kirke

Gamle Aker kyrkje er den eldste ståande bygningen i det noverande Oslo. Ho har adresse Akersbakken 26 og ligg på høgda mellom Akersbakken, Telthusbakken og nordre enden av Akersveien, i den nordre delen av Oslo sentrum. I dag er kyrkja samlingsstad for Gamle Aker kyrkjelyd (skipa i 1861). Soknet høyrer til Oslo domprosti.

Kyrkja har form som ein treskipa basilika. Kunsthistorikar Lorentz Dietrichson meinte at denne kyrkja og dei to kyrkjene Ringsaker kyrkje i Hedmark og Nikolaikyrkja på Gran i Oppland opphavleg har vore likt utforma, og plasserer desse tre kyrkjene i ei gruppe av dei tre eldste kyrkjene i Noreg med basilikaform.[2]

Gamle Aker kyrkje var ei av valkyrkjene i Noreg under valet av representantar til Riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814, det vil seie at kyrkja gjorde teneste som vallokale.

HistorieEndra

Ei kyrkje med namnet Aker kyrkje er nemnt i Borgartingslova fra ca. 1080 som ei av dei seks fylkeskyrkjene i Vika.[3] Ifylgje Oslo byleksikon er dette dagens kyrkje, som kan vere bygd av kong Olav Kyrre.[4] Men kyrkja det vart referert til i 1080, er etter alt å døme ei trekyrkje som stod på same staden før dagens kyrkje vart reist. Andre kjelder daterer kyrkja til fyrste del av 1100-talet, og stilhistoriske kriterier kan tyde på at dagens Gamle Aker kyrkje vart bygd på byrjinga av 1100-talet.

 
Teikning av Gamle Aker kyrkje frå ein artikkel i Illustreret Nyhedsblad i januar 1852. Kyrkja hadde då ein takryttar (eit lite tårn midt på mønet) i staden for det tårnet ho fekk då ho vart restaurert, og som ho har i dag.

Kyrkja vart bygd på garden Aker, som var sentralgarden i distriktet og ein av dei tidlegaste i bygda med fast busetnad, truleg med hovudbølet plassert oppå den same høgda som kyrkja ligg på. Det var soleis god grunn til å legge kyrkja her, på ein dominerande høgde med utsyn til (og synleg frå) store delar av soknet. Kyrkjestaden låg også midt i Akersdalen, ved eit naturleg vadestad over Akerselva, og lett tilgjengeleg for kyrkjelyden. Mellomalderens landeveg vestover frå Oslo gjekk rett forbi kyrkja, opp den noverande Akersbakken (som før 1879 heitte Kyrkjevegen) og fortsette langs ein trasé som framleis er bevart i strekningar av gatene Dalsbergstien, Underhaugsveien og Professor Dahls gate. For mange pilegrimar på veg til Nidaros gjekk pilegrimsleia av den grunn forbi Aker kyrkje.

Garden og kyrkja kom til å gjeve namn til soknet og seinare heradet (sjå Aker). Gardens areal strekte seg heilt ned til Akersneset ved Oslofjorden. Då kong Håkon V etablerte borgen sin på neset omkring 1300, fekk òg borgen namn etter garden: Akershus. Borgen vart lensresidens, og difor fekk heile lenet, seinare amtet, og frå 1918, fylket namnet Akershus. Stiftet eller bispedømet, som omfatta det meste av Austlandet, fekk i 1664 namn etter stiftamtet: Akershus stiftamt.

 
Apsisen i Gamle Aker kirke
Foto: Nina Aldin Thune

Gamle Aker kyrkje er ein treskipa romansk basilika med kor, sidekapell og transept, bygd av kalkstein frå eit steinbrot der Vår Frelsers gravlund ligg i dag, og av stein frå øyene i Oslofjorden.[5] Mellom 1186 og reformasjonen var kyrkja eigd av Nonneseter kloster. Frå 1587 var ho underlagt Akershus slottskyrkje, og 1723-1849 i privat eige. Ho vart overteken av Aker kommune i 1849 og av Christiania kommune i 1852. Ho var hovudkyrkje i Aker fram til 1855.

Kyrkja har vore plyndra og fleire gongar skada i brann. Etter eit lynnedslag i 1703 vart tårn, kyrkjeklokker og heile inventaret øydelagt. Av di kyrkja var i særs dårleg stand på midten av 1800-talet og ikkje vart rekna som verdfull på grunn av anna enn alderen sin, gjorde Aker kommune vedtak om at ho skulle rivast. Men Fortidsminneforeningen arbeida for å take vare på kyrkja, og ho vart redda ved at Christiania kommune kjøpte henne av Aker kommune allereie før ho vart liggjande innanfor bygrensene ved byutvidinga i 1859.

Kyrkja vart restaurert under leiing av arkitektane Wilhelm von Hanno og Heinrich Ernst Schirmer i 1861, og fekk då det store sentraltårnet i staden for den tidlegare takryttaren.

I åra 1950-1955 vart kyrkja restaurert innvending, og då vart mellom anna pussen på murveggane fjerna, og kyrkjeinventar teke ut og inventar i barokk stil ført tilbake. Peter Daniel Hofflund, Gerhard Fischer og Håkon Christie var ansvarlege arkitektar.[4]

InventarEndra

 
Den barokke preikestolen skore og måla av Thomas Blix i 1715.
Foto: Hans A. Rosbach
 
Døypefonten
Foto: Hans A. Rosbach

Nokre år etter at interiøret gjekk tapt i brannen i 1703 skaffa kyrkja seg ny preikestol og døypefont i barokk. Oppdraget gjekk til Thomas Blix og vart satt opp i kyrkja i 1715 på kvar si side av inngangen til tårnfoten.[6]

Preikestolen er skore i tre, er sylindrisk med akantusutskjeringar som er måla i sterke fargar, raudt, blått, grønt og gull. Motivmessig er han lik preikestolen i Vor Frelsers kyrkje - Oslo domkyrkje - frå 1699.

Preikestolen har hatt ein innskrift som no er forsvunne. Ved siden av preikestolen var det eit trebrett med ein måla signatur kor det mellom anna stod: «Thomas Blixius Sculpsit et pinxit MDCCXV» (Thomas Blix skar og måla dette i 1715).[6] Himlingen og foten på preikestolen er av nyare dato og skore etter førebilete av andre arbeid av Blix.

Døypefonten er utforma som ein engel. Den står med begge hendene løfta og på hovudet har den ein utskore og måla skål.[7]

Altartavla ein hadde på dette tidspunkt hadde utskorne sidestykke og et måleri med ei framstilling av nattverden. Det ble etter kort tid fjerna da ein meinte det var «forskrækkelig og vanzirende».[8]

KjelderEndra

  1. Barokk og modernisme i middelalderinnfatning
  2. Dietrichson, Lorentz (1906): Vore Fædres Verk: Norges Kunst i Middelalderen - en populær Fremstilling. Kristiania: Gyldendal
  3. Ældre Borgartingslov, Vikens kristenret, omsett av T. Olavsson (1914): 22
  4. 4,0 4,1 Tvedt side 193
  5. Sjå òg Dons og Bockelie: Oslo-traktenes geologi med 25 turbeskrivelser
  6. 6,0 6,1 Sverre Skjelsbæk side 52
  7. Sverre Skjelsbæk side 53
  8. Sverre Skjelsbæk side 49

LitteraturEndra

  • Dons, Johannes A., Johan Fredrik Bockelie. 1996. Oslo-traktenes geologi med 25 turbeskrivelser. Nesbru: Vett & Viten. ISBN 82-412-0102-8 (Boka har mellom anna stoff om steinen som er nytta i kyrkjebygningen).
  • Skjelsbæk, Sverre (redaktør). 1980. Gamle Aker kirke : festskrift til kirkens 900-årsjubileum. Øvre Ervik: Alvheim & Eide akademisk forlag. ISBN 82-90359-01-2
  • Segalstad, Tom Victor. 1997. Leting etter mineralressurser : betydning for kulturhistorie og sivilisasjon, føredrag i P2-akademiet / Kulturredaksjonen NRK P2, utgjeve i bokform som ein artikkel i band I i samlingene av desse radioføredraga.
  • Tvedt, Knut Are (red): Oslo byleksikon, Kunnskapsforlaget 2010, ISBN 978-82-573-1760-7

BakgrunnsstoffEndra