Gamvik kommune

kommune i Finnmark

Gamvik (nordsamisk Gáŋgaviikka gielda, kvensk Gamvik komuuni) er ein kommune som ligg nordaust i Finnmark-området[1] i Troms og Finnmark fylke. Kommunen ligg på austdelen av Nordkinnhalvøya. Han grensar mot nabokommunane Lebesby i vest og Tana i sør, medan han har kyst mot Tanafjorden i aust.

Gamvik kommune
kommune
Mehamn.jpg
Kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Troms og Finnmark
Adm.senter Mehamn
Areal 1 416,34 km²
 - land 1 357,94 km²
 - vatn 58,4 km²
Folketal 1 132 (1. januar 2020)
Målform nøytral
Ordførar Alf N. Hansen (SV)
Kommunenr. 5439

Gamvik
70°55′0″ N 28°3′0″ E
NO 5439 Gamvik.svg
Wikimedia Commons: Gamvik
Nettstad: www.gamvik.kommune.no

Administrasjonssenteret i kommunen er Mehamn, der ein også finn Mehamn lufthamn.

Kommunen blei danna i 1914, då dåverande Tana herad blei delt i tre.

Det høgaste fjellet er Duolbagáisá (672 moh).

HistorieEndra

Den første flystripa i kommunen var i fiskeværet Gamvik. Denne vart etablert i samarbeid mellom Røde Kors Hjelpekorps og A/S Varangfly, seinere Norving, som ambulanse- og taxiflystripe i 1971. Gamvik lufthamn er no nedlagt.[treng kjelde]

Tettstader i kommunenEndra

  • Mehamn - 779 innbyggjarar per 1. januar 2017

Andre tettastader er Skjånes, Langfjordnes, Nervei og Gamvik.

FolketalsutviklingEndra

Folketalsutvikling for Gamvik kommune frå 1920:

1.12.1920[2] 1.12.1930[3] 3.12.1946[3] 1.1.1951[4] 1.1.1961[4] 1.1.1971[4] 1.1.1981[4] 1.1.1991[4] 1.1.2001[4] 1.1.2010[4]
1599 1663 1610 1736 1762 1682 1606 1398 1269 1009

KjelderEndra

  • Dalfest, Terje & Askheim, Svein. Gamvik (2. juni 2013), Store norske leksikon. Henta 12. mai 2014.

FotnotarEndra

  1. Nord-øst i finnmark, liv eller død?. Berlevaagnytt.Com. Vitja 21. januar 2020
  2. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  3. 3,0 3,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 4,6 Folkemengd i Gamvik 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå

BakgrunnsstoffEndra

  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.