Gamvik kyrkje er ei arbeidskyrkje frå 1958 i Gamvik kommune i Finnmark. Kyrkja er den nordlegaste kyrkja på det europeiske fastlandet.

Gamvik kyrkje
kyrkje
Land  Noreg
Fylke Finnmark
Kommune Gamvik
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Nord-Hålogaland
Prosti Hammerfest
Fellesråd Gamvik
Type Arbeidskyrkje
Arkitekt Gudolf Blakstad / Herman Munthe-Kaas
Teknikk Betong
Material Betong
Innvigd 27. april 1958
Kyrkjegard Det er kyrkjegard ved kyrkja
Kart
Gamvik kyrkje
71°03′56″N 28°14′49″E / 71.065556°N 28.246944°E / 71.065556; 28.246944
Wikimedia Commons: Gamvik kirke

Gamvik kyrkje er bygd i betong med 224 plassar i kyrkjerommet og 80 i menighetssalen. Arkitektar for kyrkja var Gudolf Blakstad og Herman Munthe-Kaas.[1]

Ein kan koma til staden via Fv263.

Tidlegare kyrkjer endre

Den fyrste kyrkja i Gamvik vart sett opp i 1856. Ho vart flytta dit frå Gullholmen i Tana, der ho hadde vore misjonskyrkje sidan 1719.[2] Dette fyrste kapellet i Gamvik vart vigsla i 1858. Etter at den andre kyrkja vart bygd i 1894, stod dette samekapellet ved sida av hovedkyrkja fram til 1914.[3]

Den neste kyrkja vart bygd i 1894, og hadde 260 sitjeplassar. Denne vart, som dei fleste andre bygningane i denne delen av Finnmark, brent då dei tyske styrkane trekte seg attende under krigen. Kyrkja brann ned 5. november 1944.

Soknet endre

Ved kgl.res. 11. oktober 1968 vart Gamvik sokn utskilt som eige prestegjeld.[4]

Jubileum endre

Den noverende kyrkja vart vigsla av biskop Alf Wiig fjerde sundag etter påske, 27. april 1958. I 2008 var det 50-årsjubileum for den nye kyrkja.

Bilete endre

Referansar endre

  1. «Gamvik kirke». Kyrkjesøk. Henta 20. juli 2015. 
  2. arkivkopi (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 23. oktober 2007, henta 14. juni 2008 
  3. arkivkopi, arkivert frå originalen 12. august 2007, henta 14. juni 2008 
  4. arkivkopi (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 23. oktober 2007, henta 14. juni 2008 

Bakgrunnsstoff endre