Gap
Gap er ein by og kommune søraust i Frankrike, og préfecture (administrativt senter) i departementet Hautes-Alpes. Byen har kring 40 000 innbyggjarar.
Gap | |||
by | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Region | Provence-Alpes-Côte d'Azur | ||
Departement | Hautes-Alpes | ||
Høgd | 745 m | ||
Areal | 110,43 km² | ||
Folketal | 40 656 (1. januar 2022) | ||
Tidssone | CET | ||
Postnummer | 05000 | ||
![]() Gap 44°33′31″N 6°04′40″E / 44.558611111111°N 6.0777777777778°E | |||
Wikimedia Commons: Gap (Hautes-Alpes) |
![]() |
Geografi
endreGap ligg om lag 750 meter over havet ved den høgre breidda til elva Luye (like før ho munnar ut i Durance). Området rundt Gap vert kalla Gapençais.
Historie
endreByen vart grunnlagd av gallarane. Den romerske keisaren Augustus erobra byen i 14 fvt. og han vart kjend som Vappincum. Namnet vart seinare korta ned til Vappum, og forma «Gap» er kjend frå 1200-talet.[1]
Napoelon drog bort frå Elba i februar 1815 og nådde Gap 15. mars med 40 ryttarar og 10 grenadarar. Her fekk han laga tusenvis av kopiar av kunngjeringane sine. Heile byen var til stades då Napoleon drog bort frå Gap.
Kjelder
endre- ↑ Dauzat, Albert; Rostaing, Charles (1979). Dictionnaire étymologique des noms de lieu en France [Etymological dictionary of placenames in France] (på fransk). Paris: Librairie Guénégaud. s. 310a. ISBN 2-85023-076-6.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. (2025) |