Gardssundfjorden er ein fjord i Stavanger og Hjelmeland kommune i Rogaland mellom øyane Ombo i nord og Randøy i sør. Fjorden strekkjer seg om lag 10 km frå Finnøyfjorden i vest til Hjelmelandsfjorden i aust, men høyrer til same fjordsystem som går vidare austover Jøsenfjorden. Den totale lengda frå innløpet i vest til botn av Jøsenfjorden er 32 km.

Gardssundfjorden
fjord
Land  Noreg
Fylke Rogaland
Kommunar Stavanger, Hjelmeland
Kart
Gardssundfjorden
59°13′42″N 6°01′19″E / 59.22831194°N 6.02188111°E / 59.22831194; 6.02188111

Det vestlege innløpet ligg mellom Halsne på Halsnøy i sør og Eidsneset på Ombo i nord, medan fjorden endar i aust mellom Øyeneset på Randøy og Skibaviga på Ombo.