Opna hovudmenyen
Verdiar av R
8,314472 J · K-1 · mol-1
0,0820574587 L · atm · K-1 · mol-1
8,20574587 x 10-5 m³ · atm · K-1 · mol-1
8,314472 cm3 · MPa · K-1 · mol-1
8,314472 L · kPa · K-1 · mol-1
8,314472 m3 · Pa · K-1 · mol-1
62,3637 L · mmHg · K-1 · mol-1
62,3637 L · Torr · K-1 · mol-1
83,14472 L · mbar · K-1 · mol-1
1,987 cal · K-1 · mol-1
6,132439833 lbf · ft · K-1 · g · mol-1
10,7316 ft³ · psi · °R-1 · lb · mol-1

Gasskonstanten (og kalla den universelle gasskonstanten eller den ideelle gasskonstanten) er ein fysisk konstant brukt i tilstandslikninga for å knyte saman forskjellige grupper av tilstandsfunksjonar med kvarandre. Gasskonstanen har symbolet R. Det er eit anna namn for Boltzmannkonstanten, men når han vert brukt i den ideelle gasslova vert han vanlegvis uttrykt med eininga energi per kelvin per mol i staden for energi per kelvin per partikkel.

I den enklaste forma av tilstandsliknina, den ideelle gasslova, oppstår gasskonstanten som:

der P er trykket til ein ideell gass, T er temperaturen, og er det molare volumet. Denne kan òg skrivast som:

der V er volumet til gassen, og n er talet på mol.

R oppstår òg i Nernst-likninga og Lorentz-Lorenz-formelen.

Verdien av gasskonstanten er:

R = 8,314472(15) J · K-1 · mol-1

Dei to tala i parantes viser utryggleiken (standard avvik) i dei to siste tala av verdien.

Forholdet til andre konstantarEndra

Boltzmannkonstanten kB (ofte forkorta til k) kan brukast for dei andre formene av den ideelle gasslova ved at ein brukar talet på partiklar i staden for talet på mol av ein gass. Dette krev at ein i tillegg bruker Avogadros tal, NA

 

Ein kan då uttrykke den ideelle gasslova direkte i form av Boltzmannkonstanten:

 

der N = nNA er det faktiske talet på molekyl.

Sjå ògEndra