Gaucho av Steely Dan
Gaucho Studioalbum av Steely Dan | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 21. november 1980 | |
Innspelt | 1978–1980 | |
Studio | Sigma Sound, Soundworks, Automated Sound, A&R i New York City; Village Recorders i Los Angeles; Produsent's Workshop i Hollywood | |
Sjanger | ||
Lengd | 37:58 | |
Selskap | MCA | |
Produsent | Gary Katz | |
Steely Dan-kronologi | ||
---|---|---|
Aja (1977) |
Gaucho | Alive in America (1995)
|
Singlar frå Gaucho | ||
|
Gaucho er det sjuande studioalbumet til det amerikanske rockebandet Steely Dan, gjeve ut 21. november 1980 på MCA Records. Som typisk var for bandet vart albumet spelt inn med ein hang for perfeksjonisme i studio og besette innspelingsteknikkar. [1][2] Bandet brukte minst 42 forskjellige musikarar, brukte over eitt år i studio og langt meir enn det opphavlege forskotet dei fekk av plateselskapet.[3] I 1982 vann albumet Grammyprisen for beste lyd for ikkje-klassisk musikk og vart nominert til årets album og beste popsong av ein duo eller gruppe med vokal.
I løpet av dei to åra då albumet vart spelt inn var bandet plaga av mange kunstnariske, personlege og profesjonelle problem.[4] MCA, Warner Bros. og Steely Dan hadde ein trevegs rettsstrid om rettane til å gje ut albumet. Etter det kom ut truga jazzmusikaren Keith Jarrett bandet med søksmål for plagiat på tittelsporet.
Gaucho markerte ei kraftig stilmessig endring for bandet, ved å introdusere eit meir minimalt groove- og stemningsbasert format. Dei harmonisk kompliserte akkordendringane som dominerte tidlegare Steely Dan-songar var mindre dominerande på Gaucho, og songane baserte seg meir på ein enkel rytme eller stemning, sjølv om det òg finst komplekse akkordprogresjonar her òg, særskild på «Babylon Sisters» og «Glamour Profession». Gaucho var det siste studioalbumet til Steely Dan på 20 år.
Bakgrunn
endreInnspelinga av albumet var plaga av mange problem. I 1978 hadde Donald Fagen og Walter Becker etablert seg sjølv som dei to einaste permanente medlemmane i Steely Dan, og brukte ei rekkje studiomusikarar til å spele inn songane dei skreiv i lag. Men arbeidsforholdet deira byrja å surne, stort sett på grunn av det aukande dopmisbruket til Becker.[4]
I løpet av innspelinga av Gaucho vart Becker råka av ein bil ein sein laurdagskveld då han gjekk heim til leilegheita si på Upper West Side.[5][6] Becker klarte å skubbe kvinna han var med bort frå faren, men fekk sjølv fleire brot i eine beinet og andre skadar.[5][6] Dei neste seks månadane fekk han sekundære infeksjonar som følgje av skadane.[7][5] Medan Becker var på sjukehuset, fortsette han og Fagen det musikalske samarbeidet via telefon.[6]
Dei personlege problema til Becker fortsette då kjærasten hans, Karen Roberta Stanley, døydde av ein overdose i heimen hans den 30. januar 1980.[8][9] Familien hennar saksøkte han for 17,5 millionar amerikanske dollar i januar 1981, då dei hevda det var han som hadde introdusert kvinna for kokain, morfin, barbiturat og heroin.[9] Becker vann seinare saka i retten.
Musikk og tekst
endreI følgje Mike Powell i Stylus Magazine kombinerer Gaucho «bitter, poetisk kynisme med frittsvingande jazzrock»,[10] medan Stephen Thomas Erlewine frå AllMusic sa det «i røynda etterliknar den glatte jazzpopen på Aja, men utan den mørke, forførariske romansen eller elegante auraen».[11] Musikkskribenten Paul Sexton skreiv at medan Aja hadde «annonsert den stadig vidare utforskinga deira av jazz», er Gaucho «yacht rock-meisterverket deira».[12]
Hal Leonard sitt Best of Steely Dan forklarer at Gaucho er «eit konseptalbum med sju ikkje-samanhengande soger om blivande hipster-folk.»[13] Teksten på «Hey Nineteen» handlar om ein aldrande hipster som prøver å sjekke opp ei jente som er så ung at ho ikkje veit at det er «'Retha Franklin» som speler på stereoen.[14] Songen avsluttar med den tvitydige linja «The Cuervo Gold, the fine Colombian, make tonight a wonderful thing», og let det vere opp til lyttaren å avgjere om forteljaren tar tequila og dop i lag med kjærasten sin, eller om han i røynda er aleine.[14][15]
Stewart Mason i AllMusic sa at «Time Out of Mind» er «ein svakt tilslørt song om heroin, spesifikt den første opplevinga til ein ung mann med dopet i hendene på ein pretensiøs, pseudo-religiøs eksentrikar som snakkar om å 'jage draken' med 'ein mystisk sfære direkte frå Lhasa.'»[16] I følgje Ian MacDonald er «to songar om horer, to om kokainseljarar, og ein femte forsøket på å stoppe ein tvilsam ekteskapskrangel. Det som kompenserer alt saman er humor og kunstnarskap. Tekstane utstråler både klasse og underklasse, medan musikken er plettfri».[17]
Keith Jarrett saksøkte Becker og Fagen for brot på opphavsretten på tittelsporet på albumet og hevda at dei plagierte «Long As You Know You're Living Yours» frå albumet hans Belonging frå 1973. Som følgje av dette har Jarrett sidan blitt oppført som medlåtskrivar på sporet.[18] I eit intervju etter Gaucho vart utgjeve, sa Fagen at han elska Jarrett-sporet det var snakk om og nok hadde vore kraftig påverka av dette.[19]
Innspeling
endrePå Aja frå 1977, hadde duoen blitt vant til å spele med studiomusikarar frå Los Angeles. Innspelinga for Gaucho byrja i New York City i 1978.[7] Overgangen til musikarar frå New York City under innspelinga av Gaucho viste seg å bli vanskeleg, fordi musikarane ikkje var like entusiastiske for den besette, perfeksjonistiske innspelingsstilen til Becker og Fagen.
Fagen og Becker henta Mark Knopfler til å spele gitarsoloen på «Time Out of Mind» etter å ha høyrt han spele på Dire Straits-hitten «Sultans of Swing». Knofpler spelte i fleire timar på innspelinga, men bidraga hans på plata er berre kring 40 sekund.
Miksinga av albumet var like vanskeleg som innspelinga. Det tok Becker, Fagen, Nichols og Katz meir enn 55 forsøk på å fullføre ein miks dei var nøgd med av den 50 sekundar lange uttoninga av «Babylon Sisters».[5][20]
Trommeinnspeling
endreSjølv om studiomusikarane henta inn for å spele på Gaucho var blant dei beste frå både Aust- og Vestkysten, var Fagen og Becker likevel ikkje nøgd med grunnspora på somme av songane, særskild med tanke på timinga på trommespora.[21] I eit intervju frå 2006 for Sound On Sound Magazine, fortalte Donald Fagen at han og Becker sa til lydteknikaren Roger Nichols:
- «'Det er synd me ikkje kan få ein maskin til å spele det me vil ha, med fullfrekvente trommelydar, og med mulighet til å flytte mellom skarptromme og basstromme uavhengig.' Nichols svarte 'Eg kan gjere det.' Dette var attende i 1978, så me sa 'Kan du verkeleg gjere det???' Og han sa 'Ja, alt eg treng er 150 000 dollar.' Så me gav han pengane frå vårt eit eige innspelingsbudsjett, og seks veker seinare kom han inn med denne maskinen og det er slik det heile starta.»[22]
Nichols kalla trommemaskinen «Wendel».[21] Sidan fekk Wendel derfor ei platinaplate.
I følgje Ken Micallef i ein artikkel i Modern Drummer, består trommesporet på titteslporet av 46 ulike opptak. Trommeslagaren på denne innspelinga, Jeff Porcaro, har fortalt:
- «Frå kl. 12 til 18 spelte me denne melodien om att og om att og om att, spikra kvar del. Me gjekk og åt middag og kom attende og fortsette. Dei fekk alle til å spele som om det gjaldt livet deira. Men alt dei var ute etter var trommesporet. Dei skulle ikkje bruke det dei andre spelte inn den dagen, uansett kor bra det var.»[23]
Trommisen Bernard Purdie spelte sin signaturrytme, ein shufflerytme på halvt tempo, «The Purdie Shuffle», på «Babylon Sisters».
«The Second Arrangement», unytta opptak og piratkopiplater
endre«The Second Arrangement» var ein song som var blitt ein favoritt hos produsenten Gary Katz og Nichols.[24] Seint i desember 1979, etter fleire veker med arbeid på dette sporet, vart kring tre fjerdedelar av songen sletta av ein assisterande lydteknikar ved eit uhell, då Katz hadde bede om å gjere sporet klar for gjennomlytting.[4][24] Bandet prøvde å spele inn songen på ny, men skrinla til slutt songen heilt.[24]
Steely Dan-biografen Brian Sweet har skrive at gruppa gav opp songen til fordel for «Third World Man».[25] «The Second Arrangement» vart første gongen spelt på ein konsert av Steely Dan den 17. september 2011, men ei studioinnspeling av songen er aldri gjeven ut.[24] Det finst derimot fleire demoar og unytta opptak av songen på uoffisielle plater.[26]
I tillegg til «The Second Arrangement», vart det skrive fleire songar som ikkje kom med på det endelege albumet. Somme av dei finst på ei piratkopiplate kalla The Lost Gaucho, med tidlege innspelingar for albumet. Songtitlane er mellom anna «Kind Spirit», «Kulee Baba», «The Bear» og «Talkin' About My Home», i tillegg til «The Second Arrangement».[25] Ein tidleg versjon av «Third World Man», med anna tekst, finst under tittelen «Were You Blind That Day».[25] Denne innspelinga er frå tida kring Aja-innspelinga.
Plateomslag
endrePlateomslaget er basert på ein veggplakett der det stod «Guardia Vieja – Tango» i eit område sør i Buenos Aires kalla Caminito, av den argentinske kunstnaren Israel Hoffmann.[27]
Utgjeving
endreLike før albumet kom ut, hadde bandet ein ny krangel med MCA om utsalsprisen. MCA ønskte å gjere Steely Dan til ein test for den nye «superstjernepris»-planen deira, der nye album av toppseljande artistar skulle gå for 9,98 dollar, ein dollar meir enn andre artistar.
Mottaking
endreAlbumet fekk stort sett god kritikk då det kom. Ariel Swartley i Rolling Stone sa om albumet: «Etter fleire år med dvale i studio, var metamorfosen som byrja med The Royal Scam komplett. Steely Dan har perfeksjonert det estetiske i lokkinga.»[34] The New York Times skreiv positivt om Gaucho,[37] og meinte seinare det var det beste albumet frå 1980, føre Talking Heads-albumet Remain in Light og Joy Division-albumet Closer.[38]
Den andre utgåva av The Rolling Stone Album Guide gav Gaucho berre 1 av 5 stjerner. Kritikaren Dave Marsh kalla det «den typen musikk som går for å vere jazz i salongar på Holiday Inn, med den typen tekst som går for å vere poesi i førsteårs engelskklassar.»[39] Robert Christgau i The Village Voice skreiv «Sjølv songen med Aretha i seg gjev truverd til rykte om at plata opphavleg skulle heite Countdown to Lethargy.»[29] I 2000 vart det plassert på 504. plassen i Colin Larkin-boka All Time Top 1000 Albums.[40]
I ei seinare melding for AllMusic skreiv Stephen Thomas Erlewine at sjølv om Gaucho lydmessig var lik Aja, er musikken så fullstendig innøvd til eit punkt der det manglar kjenslemessig resonans, i tillegg til dårlegare låtskriving, utanom på høgdepunkta «Babylon Sisters», «Time Out of Mind» og «Hey Nineteen». Dette gjorde «resten av dei blanke og bølgjande fusion-songane på albumet verdt det».[11] David Sakowski i PopMatters hylla albumet som ein «klassikar» som i stor grad «er gått tapt i skuggen av Aja og endringar i musikksmaken til folk».[41]
Albumet nådde niandeplassen på den amerikanske albumlista og selde til platinaplate. «Hey Nineteen» nådde tiandeplassen på den amerikanske singellista, og gjekk til topps i Canada. Albumet nådde 27. plassen på UK Albums Chart.
Innhald
endreAlle songar skrivne av Walter Becker og Donald Fagen, utanom der andre er nemnde.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Babylon Sisters» | 5:49 |
2. | «Hey Nineteen» | 5:06 |
3. | «Glamour Profession» | 7:29 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
4. | «Gaucho» | Becker, Fagen, Keith Jarrett | 5:32 |
5. | «Time Out of Mind» | 4:13 | |
6. | «My Rival» | 4:34 | |
7. | «Third World Man» | 5:15 |
Medverkande
endreSteely Dan
endre- Donald Fagen – solovokal, korvokal, synthesizer (2–6), elektrisk piano (2–5), orgel (6)
- Walter Becker – bass (2, 4, 5), gitar (2, 5), gitarsolo (4)
Andre medverkande
endre- Randy Brecker – trompet (1, 4, 5), flygelhorn (1, 6)
- Wayne Andre – trombone (6)
- Tom Scott – altsaksofon, klarinett (1); tenorsaksofon (1, 3, 4, 6); Lyricon (3, 6), blåsearrangement (3, 4, 6)
- David Sanborn – altsaksofon (5)
- Michael Brecker – tenorsaksofon (3, 5, 6)
- Dave Tofani – tenorsaksofon (5)
- Ronnie Cuber – barytonsaksofon (5)
- Walter Kane – klarinett (1)
- George Marge – klarinett
- Rob Mounsey – piano (3–5), synthesizer (7), blåsearrangement (1, 5)
- Don Grolnick – elektrisk piano, Clavinet (1)
- Pat Rebillot – elektrisk piano (6)
- Joe Sample – elektrisk piano (7)
- Hiram Bullock – gitar (6)
- Larry Carlton – sologitar (7)
- Rick Derringer – gitar (6)
- Steve Khan – gitar (1, 3, 4, 7), sologitar (6)
- Mark Knopfler – sologitar (5)
- Hugh McCracken – gitar (2, 5)
- Chuck Rainey – bass (1, 7)
- Steve Gadd – trommer (3, 6, 7), perkusjon (2)
- Anthony Jackson – bass (3, 6)
- Rick Marotta – trommer (2, 5)
- Jeff Porcaro – trommer (4)
- Bernard Purdie – trommer (1)
- Errol «Crusher» Bennett – perkusjon (1, 4)
- Victor Feldman – perkusjon (2)
- Ralph MacDonald – perkusjon (3, 6)
- Nicholas Marrero – perkusjon (6)
- Michael McDonald (2), Patti Austin (1,4,5), Valerie Simpson (3–6), Frank Floyd (2,3,6), Diva Gray (1), Gordon Grody (1), Lani Groves (1), Lesley Miller (1,3–5), Zachary Sanders (2,3,6), Toni Wine (1) – korvokal
Produksjon
endre- Produsent: Gary Katz
- Leiande produsentar: Paul Bishow, Roger Nichols
- Leiande lydteknikar: Roger Nichols
- Assisterande lydteknikarar: John «Doc» Daugherty, Gerry Gabinelli, Craig Goetsch, Tom Greto, Barbara Isaak, Georgia Offrell, John Potoker, Linda Randazzo, Marti Robertson, Carla Bandini
- Produksjonskoordinatorar: Jeff Fura, Margaret Goldfarb, Shannon Steckloff
- Miksing: Elliot Scheiner
- Coordination: Michael Etchart
- Sekvensering: Roger Nichols, Wendel
- Mastering: Bob Ludwig
- Overdubbing: Jerry Garszva, Roger Nichols
- Kringlydmiks: Elliot Scheiner
- Rytmearrangement: Paul Griffin, Don Grolnick, Rob Mounsey, Steely Dan
- Blåsararrangement: Rob Mounsey, Tom Scott
- Pianotekniar: Don Farrar
- Spesialeffektar: Roger Nichols, Wendel
- Konsulent: Daniel Levitin
- Kunstnarisk leiar: Vartan, Suzanne Walsh
- Design: Michael Diehl, Suzanne Walsh
- Designassistent: John Tom Cohoe
- Fotografi: Rene Burri
- Fotoforsking: Ryan Null
- Notat i plateomslaget: Walter Becker, Donald Fagen, Frank Kafka
- Omsetjing i omslaget: Victor Di Suvero
Salslister
endreVekeslister
endreÅr | Liste | Peak position |
---|---|---|
1980 | UK Albums | 27 |
1981 | Black Albums | 19 |
Pop Albums | 9 |
Singlar
endreÅr | Singel | Selskap & nummer | Liste | Plassering |
---|---|---|---|---|
1981 | «Hey Nineteen» (B-side: «Bodhisattva» (live)) | MCA 51036 | US Black Singles | 68 |
«Hey Nineteen» | US Pop Singles | 10 | ||
«Time Out of Mind» | MCA 51082 | 22 | ||
«Time Out of Mind» (B-side: «Bodhisattva» (live)) | US Adult Contemporary | 13 | ||
US Mainstream Rock | 13 | |||
Canada RPM Top Singles | 42 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Gaucho (album)» frå Wikipedia på engelsk, den 16. januar 2021.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Canada.com: Steely Dan still feeling the groove Arkivert 2009-07-03 ved Wayback Machine..
- ↑ MSN Inside Music – Re:Masters: Steely Dan Think Fast and Tour Arkivert 2010-09-04 ved Wayback Machine..
- ↑ PopMatters review: «Steely Dan - Guacho.»
- ↑ 4,0 4,1 4,2 Mojo article: «The Mojo Interview.»
- ↑ 5,0 5,1 5,2 5,3 The Tuscaloosa News article: «Steely Dan Keeps Tackling Tough Topics.»
- ↑ 6,0 6,1 6,2 Anchorage Daily News article: «Rockers in need find a friend indeed[daud lenkje] Link not working.»
- ↑ 7,0 7,1 Sutherland, Donnie (28. desember 1980). «Recluses Who Speak Through Music». Sydney Morning Herald. Henta 16. januar 2021.
- ↑ The Madison Courier article: «Personalities.»
- ↑ 9,0 9,1 The Miami News article: «Steely Dan founder named in drug death allegation[daud lenkje].»
- ↑ Mike Powell (27. juni 2006). «On Second Thought: Steely Dan – Gaucho». Stylus Magazine. Arkivert frå originalen 16. juni 2021. Henta 16. januar 2021.
- ↑ 11,0 11,1 11,2 Erlewine, Stephen Thomas. «Gaucho – Steely Dan». AllMusic. Henta 16. januar 2021.
- ↑ Sexton, Paul (17. september 2019). «Yacht Rock: A Boatload Of Guilty Pleasures». uDiscoverMusic. Henta 15. januar 2021.
- ↑ The Best of Steely Dan songbook, published by Hal Leonard. pp. 5.
- ↑ 14,0 14,1 Allmusic song review: «Hey Nineteen.»
- ↑ «Remembering Walter Becker Of Steely Dan: 'Hey Nineteen' Banter». JamBase. 27. desember 2017. Henta 16. januar 2021.
- ↑ AllMusic song review: «Time Out of Mind».
- ↑ MacDonald, Ian. Decadent Diversions: Steely Dan's Gaucho, in «The People's Music: Selected Journalism» (2003)
- ↑ «Gaucho by Steely Dan». Classic Rock Review. River of Rock Music Network. Henta 16. januar 2021.
- ↑ Breskin, David (1. mars 1981). «Steely Dan interview». The Steely Dan Reader. Henta 16. januar 2021.
- ↑ AllMusic song review: «Babylon Sisters.»
- ↑ 21,0 21,1 Steely Dan – Gaucho (2000 Reissue) (CD liner notes by Walter Becker & Donald Fagen). MCA Records. 088 112 055-2
- ↑ Tingen, Paul. «Donald Fagen – Recording Morph The Cat». soundonsound.com. Sound On Sound Magazine. Henta 6. mai 2015.
- ↑ Payne, Jim (8. september 2010). The Great Drummers of R and B Funk and Soul (Paperback utg.). s. 146. ISBN 9781609745820. Henta 16. januar 2021.
- ↑ 24,0 24,1 24,2 24,3 Steely Dan: Reelin in the Years by Brian Sweet – page 137
- ↑ 25,0 25,1 25,2 Big O Worldwide article: «The Lost Gaucho.»
- ↑ Steely Dan Database: «The Second Arrangement» song info Arkivert 2011-05-30 ved Wayback Machine..
- ↑ SteelyDanDatabase: «[1].» Arkivert 11. august 2011 ved Wayback Machine.
- ↑ Kot, Greg (16. august 1992). «Thrills, Scams and Nightflys». Chicago Tribune. Henta 13. januar 2021.
- ↑ 29,0 29,1 Christgau, Robert (1990). «Steely Dan: Gaucho». Christgau's Record Guide: The '80s. Pantheon Books. ISBN 0-679-73015-X. Henta 16. januar 2021.
- ↑ Larkin, Colin (2011). «Steely Dan». The Encyclopedia of Popular Music (5th concise utg.). Omnibus Press. ISBN 978-0-85712-595-8.
- ↑ Strong, Martin Charles (2002). «Steely Dan». The Great Rock Diskografi. The National Academies. ISBN 1-84195-312-1.
- ↑ Graff, Gary; Durchholz, Daniel, red. (1999). «Steely Dan». MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. ISBN 1-57859-061-2.
- ↑ Pappademas, Alex (20. november 2019). «Steely Dan: Gaucho». Pitchfork. Henta 13. januar 2021.
- ↑ 34,0 34,1 Swartley, Ariel (5. februar 1981). «Gaucho». Rolling Stone (New York). Arkivert frå originalen 14. september 2017. Henta 16. januar 2021.
- ↑ Sheffield, Rob (2004). «Steely Dan». I Brackett, Nathan; Hoard, Christian. The New Rolling Stone Album Guide (4th utg.). Simon & Schuster. s. 778–79. ISBN 0-7432-0169-8.
- ↑ Hull, Tom (n.d.). «Grade List: Steely Dan». Tom Hull – on the Web. Henta 9. januar 2021.
- ↑ Holden, Stephen (18. januar 1981). «Steely Dan's New Songs». The New York Times. Henta 16. januar 2021.
- ↑ New York Times article: «The Pop Life; The 10 best of the albums issued in 1980.»
- ↑ Marsh, Dave; Swenson, John (1983). «Steely Dan». The New Rolling Stone Record Guide (2nd utg.). New York: Random House/Rolling Stone Press. s. 488. ISBN 0-394-72107-1.
- ↑ Colin Larkin (2000). All Time Top 1000 Albums (3rd utg.). Virgin Books. s. 176. ISBN 0-7535-0493-6.
- ↑ Sakowski, David. «Steely Dan: Gaucho». PopMatters. Arkivert frå originalen 19. juni 2004. Henta 16. januar 2021.