Gaukmesse
Gaukmesse eller Philippi et Jacobi er ein merkedag feira 1. mai til minne om apostlane Filip og Jakob, son til Alfeus.
På primstaven var dagen avmerkt med ein dobbel kross eller med ein fugl, tolka som ein gauk - derav namnet gaukmess. Andre stader er dagen kalla «vesle gangdagen», og markert med tilsvarande opptog som på «den store gangdagen», som vart feira ved markusmesse.
Gaukemesse fell saman med feiringa av Valborgmesse.
Kjelder
endre- Ekrem, Randi (1992). «1. mai, Gaukmesse - Den vesle gangdagen - Philippi Jacobi dag». Primstaven: tradisjonar og merkedagar. Ålesund: R. Ekrem. s. 78. ISBN 8299269105.