Koordinatar: 61°20′18.974″N 6°24′12.852″E

Gaularfjellet er eit lite fjellområde på grensa mellom kommunane Gaular, Balestrand og Førde i Sogn og Fjordane.

Riksveg 13 over Gaularfjellet med Nystølsvatnet og Nystølen

Riksveg 13 går over Gaularfjellet. Vegen, som vart opna for trafikk i 1938, er eit kjent turistmål og vil verte nasjonal turistveg. Den raske overgangen frå fjord til fjell, og svingane opp frå Vetlefjorden lokkar mange hit. Høgaste punkt på fjellovergangen er 748 moh.

BakgrunnsstoffEndra