Geir Lippestad

norsk advokat og politikar

Geir Lippestad (fødd 7. juni 1964 i Hønefoss) er ein norsk politikar frå Oslo. Lippestad er partileiar for Partiet Sentrum,[1] og arbeider elles som advokat i Advokatfirmaet Lippestad AS i Oslo,[2] og dessutan partnar i dette firmaet saman med advokat Vibeke Hein Bæra.

Geir Lippestad

Fødd7. juni 1964 (59 år)
Hønefoss
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet (september 2020), Partiet Sentrum (september 2020)
Yrkeadvokat, politikar
Utdanna vedDet juridiske fakultetet ved Universitetet i Oslo

Karriere endre

Advokat endre

Lippestad er kjend for å ha vore forsvarar for dei tiltalte i to særs alvorlege drapssaker. Han tok på seg forsvaret av den eine av dei tre tiltalte for det såkalla Holmlia-drapet i Oslo, som vart dømd til 17 år i fengsel i 2002, og for den tiltalte for terroråtaka på Utøya og i Oslo 22. juli 2011, som vart dømd i 2012 til 21 års forvaring med minstetid 10 år. I den siste saka vart Lippestad assistert av advokat Vibeke Hein Bæra og to andre advokatar frå Advokatfirmaet Lippestad AS som medforsvararar.

Kjelder endre

  1. «SENTRALSTYRET». Partiet Sentrum. Henta 14. september 2023. 
  2. «Geir Lippestad» (på norsk bokmål). Advokatfirmaet Lippestad. Henta 14. september 2023. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Geir Lippestad