Genève internasjonale lufthamn

Genève internasjonale lufthamn (offisielt: Aéroport International de Genève) er ein flyplass utanfor Genève i Sveits. Den ligg 5 km frå sentrum og har både buss- og toglinjer inn til byen. Den nordlege delen av flyplassen går langs grensa mellom Sveits og Frankrike og han kan derfor bli brukt av begge landa. Passasjerane på flyturar til eller frå Frankrike treng derfor ikkje å passera sveitsisk toll og immigrasjon, dersom dei går ut på den franske sida.

Genève internasjonale lufthamn

IATAGVA Sjå dette på Wikidata
ICAOLSGG Sjå dette på Wikidata
OperatørGenève Sjå dette på Wikidata
TenerGenève Sjå dette på Wikidata
StadMeyrin Sjå dette på Wikidata
Opna1922 Sjå dette på Wikidata
Høgd1 411 fot Sjå dette på Wikidata
Koordinatar46°14′18″N 6°6′34″E Sjå dette på Wikidata
Nettstadhttps://www.gva.ch/, https://www.gva.ch/en/, https://www.gva.ch/de/ Sjå dette på Wikidata
Logo
Logo

Flyplassen er base for selskapa easyJet og Swiss International Air Lines, og var tidlegare base for Swiss World Airways, som gjekk konkurs i 1998. I 2007 hadde flyplassen 10 806 653 passasjerar, noko som er ein oppgang på 9.5% frå 2006.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Genève internasjonale lufthamn