Gentesting

medisinsk undersøking
(Omdirigert frå Gen-testing)

Gentesting eller DNA-testing[1] er teknikkar nytta til å finna særskilde variantar i DNA-sekvensar[2] eller kromosom-strukturar. Dei kan også måla resultat av genetiske endringar, som RNA-analyse som resultat av genuttrykk, eller gjennom biokjemisk analyse for å måla spesifikk proteinproduksjon.[3] I medisinsk samanheng kan slike testar nyttast til å setja diagnose eller utelukka moglege genetiske sjukdommar, føreseia risiko for særskilde tilstandar eller gje informasjon som kan nyttast til å tilpassa medisinsk behandling basert på individuelle genetiske eigenskapar.[3] Getesting kan også nyttast til å slå fast biologisk slektskap, som dei biologiske foreldra til eit barn,[4] eller nyttast til å slå fast den breiare avstamminga til et individ.[5] I tillegg til å testa menneske kan ein også gentesta dyr og plantar med liknande føremål, til dømes for å slå fast avstamming/slektskap eller føreseia/diagnostisera genetiske lidingar,[6] for å få informasjon ein kan bruka i avl,[7] eller for å auka genetisk mangfald i truga populasjonar.[8]

Sjå òg endre

Kjelder endre

Fotnotar
  1. Solvang, Fredrik (6. november 2007), «DNA-testet 8000 innvandrere», NRK (på norsk bokmål), henta 27. desember 2023 
  2. Paus, Benedicte (22. august 2023). «gentest». Store medisinske leksikon (på norsk). 
  3. 3,0 3,1 «Genetic testing». American Medical Association (på engelsk). Henta 3. oktober 2019. 
  4. «Paternity Testing». American Pregnancy Association (på engelsk). 25. april 2012. Henta 3. oktober 2019. 
  5. Resnick, Brian (28. januar 2019). «The limits of ancestry DNA tests, explained». Vox (på engelsk). Henta 3. oktober 2019. 
  6. «UC Davis Veterinary Genetics Laboratory | Animal DNA testing | forensic testing | animal genetic research and diagnostics». www.vgl.ucdavis.edu. Henta 3. oktober 2019. 
  7. «Selective breeding and gene technology». www.bbc.co.uk. Henta 14. oktober 2019. 
  8. Hunter, Margaret E.; Hoban, Sean M.; Bruford, Michael W.; Segelbacher, Gernot; Bernatchez, Louis (17. juli 2018). «Next-generation conservation genetics and biodiversity monitoring». Evolutionary Applications 11 (7): 1029–1034. Bibcode:2018EvApp..11.1029H. ISSN 1752-4571. PMC 6050179. PMID 30026795. doi:10.1111/eva.12661. 
  Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.