Ein geode er ein kuleforma til elliptisk mineralutfelling i ein bergart, med eit holrom fylt av krystall, til dømes av kvarts eller kalsitt. Det er særleg brukt om konkresjonar som opptrer i visse sedimentære bergartar, eller meir generelt om eit holrom med krystall, til dømes danna ved utfylling av blørerom i vulkanske bergartar. Ein geode dannar, i motsetnad til ein druse, ein separat lekam i bergarten, og inneheld ikkje dei same minerala som den omliggande bergarten.

Innsida og utsida av den same geoden.
Geodar i uvanleg steinformasjon.

KjelderEndra

  • Geode. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/geode.

BakgrunnsstoffEndra