Opna hovudmenyen

Geoffrey Emerick (fødd i 1946) er ein engelsk lydteknikar. Han arbeidde med The Beatles på albumet deira Revolver, Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band, The Beatles og Abbey Road.[1]

Geoff Emerick
Geoff Emerick, backstage at Sgt. Pepper Live Featuring Cheap Trick, 2010.jpg
Fødd5. desember 1945
FødestadLondon
Død2. oktober 2018
DødsstadLos Angeles
OpphavStorbritannia
Aktiv1962–2018
Sjangerpop, rock
Verka somaudioingeniør, musikkprodusent
PrisarTechnical Grammy Award

BiografiEndra

Emerick byrja å arbeide som assisterande lydteknikar hos EMI bere 15 år gammal, og arbeidde i starten med ein annan assistent, Richard Langham, som igjen arbeidde for Norman Smith, som produserte den første innspelinga til The Beatles same dagen som dei byrja å assistere han. Han var derfor til stades då The Beatles spelte inn «Love Me Do», den første hitsingelen deira.[2] Han arbeidde òg for andre artistar, som Judy Garland og The Hollies[2] og vart etter kvart lydteknikar i 1966 då han arbeidde på Manfred Mann-singelen Pretty Flamingo, som gjekk til topps i Storbritannia.[3]

Emerick vart etter kvart første-lydteknikar for The Beatles, då Smith tok over som produsent. Det første albumet Emerick arbeidde på med The Beatles var Revolver.[2] «Tomorrow Never Knows» var den første songen han arbeidde på.[2] Det var Emerik som fekk John Lennon til å syngje gjennom ein Leslie-høgtalar på songen og setje mikrofonane tett på trommene til Starr, noko EMI Studios tidlegare aldri gjorde..[3] Emerick slutta som lydteknikar for bandet under innspelinga av The Beatles (òg kjend som «White Album») den 16. juli 1968, då han var lei av den stadige krangling mellom bandmedlemmane.[4] Han kom attende til Beatles på Abbey Road.[5] Emerick fekk Grammyprisen for beste lydteknikar på Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band og Abbey Road.

Trass i at han forlet White Album-innspelingane var Emerick gode ven av The Beatles, særleg Paul McCartney, som inviterte Emerick til å slutta EMI og komme og arbeide for selskapet deira, Apple Corps i 1969. I tillegg til å vere lydteknikar, hadde Emerick oversyn over bygginga av The Beatles sitt Apple Studio.

Etter Beatles vart oppløyst i 1970, fortsette Emerick å arbeide med McCartney og var lydteknikar på albuma hans som Band on the Run, som gav Emerick nok ein Grammy, London Town og Flaming Pie.

Emerick har òg arbeidd med Elvis Costello (på Imperial Bedroom og All This Useless Beauty), Badfinger, Art Garfunkel, America, Jeff Beck, Gino Vannelli, Supertramp, Cheap Trick, Nazareth, Chris Bell, Split Enz, Trevor Rabin, Nick Heyward, Big Country, Gentle Giant, Mahavishnu Orchestra og Ultravox. Han var òg lydteknikar for Robin Trower sitt Bridge of Sighs, debutalbumet til Stealers Wheel, med singelen «Stuck in the Middle With You» og The Zombies sitt Odessey and Oracle med «Time of the Season».

KjelderEndra

  1. Droney, Maureen (1. oktober 2002). «Geoff Emerick». Mix Magazine. Arkivert frå originalen 18. januar 2013. Henta 19. mai 2018. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Emerick, Geoff; Massey, Howard (2006). Here, There, and Everywhere: My Life Recording the Music of The Beatles. New York, NY: Penguin. s. 387. ISBN 1-59240-179-1. 
  3. 3,0 3,1 «CNN.com – The teenager who shaped the Beatles – Apr 7, 2006». CNN. Henta 19. mai 2018. 
  4. «Guide to The Beatles' White Album: the Recording Equipment, the Songs, the Conflicts». Guitar World. Henta 19. mai 2018. 
  5. «Guide to the Recording Equipment, Songs and Instruments Featured on The Beatles' 'Abbey Road' Album». Guitar World. Henta 19. mai 2018. 

BakgrunnsstoffEndra