Georg Arnestad

norsk redaktør, sakprosaforfattar og kulturforskar

Georg Arnestad (fødd 17. november 1948) er ein norsk redaktør, sakprosaforfattar og kulturforskar fødd på Rygg i Gloppen kommune og busett i Sogndal.

Georg Arnestad
Statsborgarskap Noreg
Fødd 17. november 1948 (75 år)
Yrke redaktør

Arnestad tok artium i språkfag ved Firda vidaregåande skule i 1967. Han vart utdanna siviløkonom ved Norges Handelshøyskole (NHH) i 1973, og høgare avdeling i økonomisk historie ved NHH i 1977. Arnestad var vitskapleg assistent ved NHH i åra 1976–1977. Han var deretter konsulent for kulturavdelinga i Kyrkje- og undervisningsdepartementet frå 1978–1981. Han vart forskar og amanuensis ved Sogn og Fjordane distriktshøgskule frå 1981–1987, forskar ved Vestlandsforsking i perioden 1988–1996, med eit års opphald 1991–1992, då han vart utnemnd som spesialrådgjevar for Kulturdepartementet. Han har vore både forskings- og utviklingsleiar og seniorrådgjevar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

I perioden 1981–1987 var Arnestad redaktør for tidsskriftet Søkelys på Sogn og Fjordane, og Norsk Kulturårbok Samlaget 1994–1999. Han har vore styreleiar for Sogndal Kulturhus AS.

Bibliografi endre

Bøker endre

  • 1993 – Analyse av organisasjonsstruktur m.v. i Norges sang- og musikkråd (Sogndal: Vestlandsforskning) I fulltekst ved nb.no
  • 1994 – Kulturårboka 1994 (Oslo: Norsk kulturråd). ISBN 9788252143294  [Redaktør Georg Arnestad]
  • 1995 – Kulturårboka 1995 (Oslo: Norsk kulturråd). ISBN 9788252143294  [Redaktør Georg Arnestad]
  • 1996 – Kulturårboka 1996 (Oslo: Norsk kulturråd). ISBN 9788252145823  [Redaktør Georg Arnestad]
  • 1999 – Den gode lærar? : om det å skrive godt eller å publisere mykje : rapport frå og om eit skrivetreningskurs (Sogndal: Høgskulen i Sogn og Fjordane, Avdeling for lærarutdanning) I fulltekst ved nb.no
  • 2001 – "Men vi skal koma i hug at tradisjonen alltid vert oppløyst og omskapt-" : om folkemusikk og folkedans i det seinmoderne Noreg (Oslo: Norsk kulturråd). ISBN 82-7081-101-7

I bøker - eit utval endre

  • 2010 – Tankerekkjer : festskrift til Johs. B. Thue - 70 år (Leikanger: Skald forlag)  [Av innhaldet: Esefjordsild med bokkøl : om spaltisten og essayisten (og lokalpolitikaren) Johs. B. / Georg Arnestad]

I tidsskrift - eit utval endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre