Georg Martin Hjorth

Norsk embetsmann

Georg Martin Hjorth (4. desember 179621. juni 1877) var ein norsk embetsmann som representerte Søndre Bergenhus amtStortinget i 1839.

Georg Martin Hjorth
Fødd 4. desember 1796
Død

21. juni 1877 (80 år)

Hjorth var son til ein gardbrukar på Ogna i Rogaland. Sjølv tok han norsk juridisk eksamen i 1826, etter å ha arbeidd 1819-24 på sorenskrivarkontoret for Jæren og Dalane og som sorenskrivarfullmektig i Mandal. Frå 1826 var han fullmektig hos sorenskrivaren i Søndre Jarlsberg, der etter frå 1831 underrettsprokurator i Søndre Bergenhus. Tida 1833-36 var han òg forvaltar av godset Rosendal, fut på godset frå 1844. Sidan var han frå 1850 sorenskrivar i Ytre Sogn, frå 1864 notarius publicus i Bergen og til sist by- og rådstuskrivar i Kristiansand frå 1866.

Hjorth vart vald til fyrste representant frå Søndre Bergenhus til stortinget 1839, der han var sekretær i komiteen om militærutgiftene.

KjelderEndra