George Byng, 1. vicomte Torrington

Flåteadmiral George Byng, 1. vicomte Torrington, KB PC (27. januar 166317. januar 1733) var ein britisk marineoffiser og statsmann seint på 1600- og tidleg på 1700-talet. I karrieren sin tente han mellom anna som marineminster under regjeringstida til kong Georg II. Han var far til Pattee Byng, 2. Viscount Torrington, George Byng, 3. vicomte Torrington og admiral John Byng.

George Byng, 1. vicomte Torrington
George Byng, 1st Viscount Torrington by Jeremiah Davison.jpg
Fødd 27. januar 1663
Kent
Død

17. januar 1733 (69 år)
London

Yrke politikar, marineoffiser, diplomat
George Byng, 1. vicomte Torrington på Commons

Byng kom i ein alder av 15 i marineteneste, men første etter 1688, då han var medverkande til å vinne flåten for Vilhelm III, byrja han å spele ei viktig rolle, og gjorde ved fleire høve teneste som stabssjef. Han vart i 1703 kontreadmiral, 1705 viseadmiral og 1708 admiral. Byng deltok aktivt i kampane under den spanske arvefølgjekrigen. I 1708 dreiv han attende den franske flåten som skulle overføre tronpretendenten til Skottland, og 1715-1716 medverka den godt utførte blokaden av kysten til at pretendenten mislukkast i forsøket sitt på å ta over trona.

I 1717 fekk Byng kommandoen over den britiske flåten, som etter Karl XII sine samband med Jakob Edward Stuart vart send til Austersjøen med klårt svenskfiendtlege instruksjonar. Det kom derimot aldri til open strid. I 1718 vart Byng, som no var storadmiral og øvstkommanderande for den britiske flåten som vart send til Middelhavet for å øydeleggje den spirande nye spanske sjømakta og tvinge Filip V til å vedta vilkåra til kvadrupelalliansen. Han vann ein lett siger over den neste like store spanske flåten i slaget ved Kapp Passaro og deltok seinare i fredsforhandlingane. Som løn for dette vart Byng medlem av Privy Council i 1721 og vart utnemnd til baron og viscount. Frå 1727 til han døydde Byng marineminister.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra