Georges Bernanos

fransk skribent

Georges Bernanos (fødd 20. februar 1888 i Paris, død 5. juli 1948 i Neuilly-sur-Seine) var ein fransk forfattar med rojalistiske og katolske sympatiar.

Georges Bernanos
Georges-Bernanos.jpg
Fødd 20. februar 1888
9. arrondissement, Paris
Død

5. juli 1948 (60 år)
Neuilly-sur-Seine

Yrke skribent, romanforfattar, essayist, journalist, librettist
Språk fransk
Ektefelle Jehanne Bernanos
Born Michel Bernanos, Yves Bernanos, Jean-Loup Bernanos
Georges Bernanos på Commons

Bernanos blei fødd i Paris, men budde mesteparten av oppveksten på eit gammalt gods som tilhøyrde faren i landsbyen Fressin. Han vart utdanna på ein jesuittskule, studerte seinare ved Institut Catholique de Paris og Universitetet i Paris. Ved sistnemnte fekk han eit lisensiat i jus og i språk. Han deltok i første verdskrigen som korporal, blei såra og tildelt Croix de Guerre. I 1917 gifta han seg med ei kvinne av ei slekt som hevda å vere i slektskap med Jeanne d'Arc og vart far til seks born.

Minnesmerke på bygningen i Paris der Bernanos vart fødd.

Bernanos blei oppdaga av Leon Daudet, direktøren av Action française, og gav ut debutromanen, Under Satans Sol (Sous le soleil de Satan) i 1926, medan han arbeidde i eit forsikringsselskap. I 1936 vann han Grand Prix du roman de l'Académie française for det kanskje mest kjente verket sitt, En landsbyprests dagbok (Le Journal d'un cure de Campagne), som har blitt omsett til fleire språk. Ved utbrotet av den spanske borgarkrigen i 1936 budde Bernanos i Palma og opplevde valden på nært hald. Konflikten motiverte han til å skrive les Grandes Cimetieres Sous la Lune. Boka vekte oppsikt fordi Bernanos som truande katolikk kritiserte Den katolske kyrkja for å støtte Franco. Kyrkja truga med å ekskommunisere Bernanos, men han vart hylla av forfattarar som Simone Weill og André Malraux.[1] I 1937 flytta han attende til Frankrike, men blei sjuk. Berre eit år seinare flytta han til Sør-Amerika, først til Paraguay, sidan vidare til Brasil, der han slo seg ned på ein gard. Etter andre verdskrigen var slutt, flytta han attende til Frankrike og døydde der i 1948.

KjelderEndra

FotnotarEndra

  1. Sven Kærup Bjørneboe (1980). Alt håp til rebellene. Bernanos ved Sven Kærup Bjørneboe. Oslo: Gyldendal norsk forlag. s. 180. ISBN 82-05-12404-3. 
  Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.