Georges Biassou var ein tidleg leiar for slaveopprøret i Saint-Domingue i 1791 som førte til den haitiske revolusjonen. Saman med Jean-François Papillon og Jeannot Bullet vart han profetert som leiar av revolusjonen av voodoopresten Dutty Boukman.

Georges Biassou
Georges Biassou.jpg
Fødd 1741
Haiti
Død

14. juli 1801 (59 år)
St. Augustine i Florida

Yrke revolusjonær, militær

Som ein del andre slaveleiarar, slåst han med dei spanske rojalistane mot dei franske revolusjonære styresmaktene i det koloniserte Haiti. I denne perioden fekk han Jeannot Bullet drepen for særs vondskapsfull krigføring.

Etter at han hadde vorte slegen av ein tidlegare alliert, Toussaint L’Ouverture, som hadde gått over til å slåst for franskmennene då dei lova å frigjere slavane, heldt Biassou fram i teneste hjå Spania. Han trekte seg ut av Saint-Domingue i 1795, og flytta saman med familien til Florida, som då var del av den spanske kolonien Cuba.

I Florida bytte Biassou førenamn til Jorge. Dei spanske leiarane sette han i spissen for den svarte militsen i Florida. Han byrja å byggje aliansar der då svogeren gifta seg med ein flyktning frå Sør-Carolina. Florida hadde gjeve rom for både plantasjeeigarar og slavar under den amerikanske revolusjonen.[1]

KjelderEndra

ReferansarEndra

  1. Berlin, Ira: Many Thousands Gone: The First Two Centuries of Slavery in North America (Harvard University Press, 1998), s. 306–307.