Georgijevsk (russisk Гео́ргиевск) er ein by i Stavropol kraj i Russland med om lag 70 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Podkumok, ei sideelv til Kuma, rundt 150 km søraust for Stavropol.

Georgijevsk
Георгиевск
Horisonten til Georgijevsk
Horisonten til Georgijevsk
Flagget til Georgijevsk Byåpenet til Georgijevsk
Flagget til Georgijevsk Byvåpenet til Georgijevsk


Plassering
Georgijevsk is located in Russland
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Stavropol kraj
Grunnlagd
Bystatus
1777
1786
Borgarmeister Viktor Gubanov
Geografi
Flatevidd
 - By

25 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

69 202
  2 768,1 /km²
Koordinatar 44°09′00″N 43°28′00″E / 44.15000°N 43.46667°E / 44.15000; 43.46667
Høgd over havet 300 moh.
Diverse annan informasjon
Postnummer 357820–357831
Retningsnummer (tlf) (+7)86551
Nettstad: www.georgievsk.ru

Historie endre

Busetnaden vart grunnlagt i september 1777 som St. Georg festning langs forsvarslinja Azov-Mozdok. I 1783 vart Georgijevsk-traktaten mellom Det russiske imperiet og Georgia underteikna her. Han fekk bystatus i 1786 og voks så kraftig. Etter 1802 vart han senter i eit kaukasisk gubernija. Tidleg på 1800-talet var byen òg eit handelssenter, men frå 1822 vart byen mindre viktig.

Etter 1868 var Georgijevsk ein liten by i Tersk gubernija. I 1875,vart det bygd ein jernbanestasjon seks kilometer unna i Nezlobnaja. Dette førte til at byen igjen starta å vekse. I 1894 vart det første jernverket i byen grunnlagd. Dette var starten på ArZiL, den største verksemda i byen. I 1900 vart det oppretta eit slaktehus og ei oljemølle. I 1920-åra vart Georgijevsk det største industri- og handelssenteret i Predkavkazie, den sentrale delen av Nord-Kaukasus.

Under den andre verdskrigen var byen okkupert av tyskarane frå 9. august 1942 til 10. januar 1943. Etter krigen vart Georgijevsk det største senteret for maskinbygging i Stavropol kraj.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre