Gerd og Otto var ein norsk sangduo som bestod av av søskenparet Gerd Nielsen (seinare Røstad, 1917–1997) og tekstforfattaren, komponisten, revyartisten og seinare radiomannen Otto Nielsen (1909–1982). Duoen vart danna i 1930 og spelte inn fleire populære plater og opptredde til langt inn på 1950-talet.

Otto Nielsen

Historikk endre

Dei gjorde sin fyrste plateinnspeling i 1934 på merkt His Master's Voice. Songane var Et luftslott på månen / Haveorkesteret. Dei vart hos HMV til 1937, i 1938 gjorde dei to plater for Columbia, og i 1939 spelte dei inn to plater for Telefunken. Disse vart dei siste platene før andre verdskrig. Otto satt på Grini under krigen. I 1945 gjorde han og «Grinikvartetten» ei plateinnspeling. I 1948 gjorde Gerd og Otto ei plateinnspeling for Musica, der dei skulle vera resten av karrièren. På B-sida var originalversjonen av den songen som skulle verta deres største slager: En grønnmalt benk.[1][2]

Gerd og Otto vart oppløyst i 1955. Otto Nielsen vart i 1957 tilsett i NRK der han starta radioprogrammet Søndagsposten Gerd Røstad heldt fram som artist. Ho song inn duettar med blant andre Alf Prøysen.

I 1982 vart dei overtalt til å spela inn nokon av dei gamle songane på nytt på LP-plata Svanesang i stereo. Otto døydde 9. oktober same året, 72 år gammal. Gerd døydde 8. desember 1997.

I 2004-05 vart ei samling av singelplatene frå 1934–55 gjeve ut på to CD-er.

Kjelder endre

Referansar
  1. 78-varvare
  2. Rate Your Music

Bakgrunnsstoff endre