Gerhard Munthe frå Hafslo
Gerhard Munthe (4. januar 1795–15. desember 1876) var ein norsk kartograf, offiser, gardbrukar og historikar frå Hafslo i Sogn. Han var farbror til den samnemnde målaren frå Elverum.
Gerhard Munthe frå Hafslo | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 4. januar 1795 Luster kommune |
Død |
15. desember 1876 (81 år) |
Yrke | historikar, kartograf, offiser, bonde |
Gerhard Munthe frå Hafslo på Commons |
Løytnant Munthe vart topograf ved det som sidan vart til Noregs geografiske oppmåling. Elles teiknelærar ved Krigsskulen. Saman med Nicolay A. Ramm gav han i åra 1826-32 ut den fyrste serien med norske amtskart. Interessa for historie og topografi gjorde at han byrja arbeide med norske stadnamn frå eldre tid. I 1839 kom han ut med det historiske kartet «Noregr», eit grunnleggjande arbeid. Tidlegare, i 1835-36, fekk han prenta «Heraldisk-historiske Optegnelser» i bokverket Samlinger til det Norske Folkes Sprog og Historie, eit sentralt arbeid i granskinga av norsk adel. I 1838 vart Munthe sett til å redigere språket i matrikkelen. «Han førde inn ein meir rasjonell skrivemåte og reviderte i no[rsk] lei.»
I 1841 flytta Munthe frå hovudstaden attende til ættegarden i Hafslo.
Kjelder endre
- Norsk Allkunnebok. VIII. Bandet. 1958