Gerry & The Pacemakers
Gerry and The Pacemakers var ei engelsk beatgruppe som hadde suksess i 1960-åra i Merseybeat-miljøet. Som The Beatles kom dei frå Liverpool, hadde Brian Epstein som manager, og vart spelt inn av George Martin.[1]
Gerry and The Pacemakers | |||
Bandet i 1964 | |||
Opphav | Liverpool i England | ||
---|---|---|---|
Aktiv | 1959–1966 | ||
Sjanger | Merseybeat, pop | ||
Plateselskap | Columbia (EMI) (UK) Laurie Records (US) United Artists (US) Capitol Records (Canada) | ||
Medlemmer | Gerry Marsden Freddie Marsden Arthur Mack Les Chadwick Les Maguire |
Dei er mest hugsa for å vere den første gruppa eller artisten som nådde toppen av den britiske singellista med dei tre første singlane sine: «How Do You Do It?», «I Like It» og «You'll Never Walk Alone».[2] Denne rekorden vart først tangert 20 år seinare,[2] i midten av 1980-åra, av Liverpool-bandet Frankie Goes to Hollywood. Dei er derfor den nest mest suksessrike popgruppa frå Liverpool. Ein annan av dei mest kjende songane deira, «Ferry Cross the Mersey», syner til River Mersey som renn gjennom Liverpool.
Historie
endreGerry Marsden skipa gruppa i 1959 med broren Fred, Les Chadwick og Arthur McMahon. Dei var rivalar til The Beatles tidleg i karrieren deira, og spelte på dei same stadane i Hamburg i Tyskland og Liverpool.[1] McMahon (kjend som Arthur Mack) vart erstatta på piano av Les Maguire kring 1961.[1] Dei skal ha øvd ved skipsverftet Cammell Laird ved Birkenhead. Det første namnet på bandet var Gerry Marsden and the Mars Bars,[3] men ei vart tvungen til å skifte namn då Mars Company, som produserer sjokoladen Mars, klaga.[4]
Bandet var det andre bandet som Brian Epstein vart manager for. Han skaffa dei platekontrakt hos Columbia Records (eit systerselskap for selskapet Beatles var på, Parlophone, under EMI).[1] Dei byrja å spele inn musikk tidleg i 1963 med «How Do You Do It?», ein song skriven av Mitch Murray.[5] Songen var produsert av George Martin og gjekk heilt til topps i Storbritannia. Det var den førte gruppa til Epstein som fekk suksess på lista.[6]
Dei neste to singlane til Gerry and the Pacemakers, Murray sin «I Like It» og Rodgers og Hammerstein sin «You'll Never Walk Alone», gjekk òg begge til topps på UK Singles Chart.[7] Sistnemnte vart spelt inn i staden for Beatles sin «Hello Little Girl». «You'll Never Walk Alone» hadde vore ein favoritt hos Marsden sidan han såg Carousel då han voks opp. Det vart raskt hymnen til Liverpool Football Club og seinare for andre idrettslag verda over.[8][9] Songen er framleis ein fotballhymne eller anthem.[10] Gruppa klarte nesten å få fire singlar på rad på til topps på singellista då «I'm the One» vart halde unna frå toppen av lista i to veker i februar 1964 av eit anna Liverpool-band, The Searchers med deira «Needles and Pins».
Trass i denne tidlege suksessen, fekk aldri Gerry and the Pacemakers ein ny song på toppen av singellista i Storbritannia. Marsden byrja å skrive dei fleste songane deira, inkludert «I'm the One», «It's Gonna Be All Right» og «Ferry Cross the Mersey», i tillegg til den første og største hitten deira i USA, «Don't Let the Sun Catch You Crying», som nådde fjerdeplassen der.[1]
Bandet deltok i ein film tidleg i 1965, Ferry Cross the Mersey (stundom kalla «Gerry and the Pacemakers sin versjon av A Hard Day's Night»), som Marsden skreiv det meste av musikken for.[1] Tittelsongen vart i 1989 nytta som ein veldedig singel til støtte for Hillsborough-katastrofen, og gav Marsden – i lag med andre Liverpool-stjerner, som Paul McCartney og Frankie Goes to Hollywood sin Holly Johnson – ein ny listetopp i Storbritannia.[1][11]
I USA vart innspelingane deira gjevne ut av det vesle New York City-selskapet Laurie i 1963, som gav ut fire singlar utan suksess. Då The Beatles slo gjennom i 1964 vart den neste singelen på Laurie, «Don't Let the Sun Catch You Crying», ein stor hit og i 1964 fekk «How Do You Do It?» i lag med «You'll Never Walk Alone» (Laurie 3261) og «I Like It» med «Jambalaya (On the Bayou)» (Laurie 3271) noko suksess.
Seint i 1965 byrja populariteten til bandet å dale på begge sider av Atlanteren.[1] Bandet vart oppløyst i oktober 1966[1] og mykje av det seinare materialet deira vart aldri gjeve ut i Storbritannia.
Trommeslagaren Freddie Marsden døydde 9. desember 2006 i Southport, 66 år gammal.
Diskografi
endreSinglar
endreI USA vart ei anna rekkje av Gerry and the Pacemakers-singlar gjevne ut, sidan Laurie Records skapte fleire album, og minst to singlar, som aldri kom ut i Storbritannia. Dette var vanleg praksis på denne tida, og det same skjedde med The Beatles og Dave Clark 5.[12]
Utgjeve | A-side | B-side | Plassering | Britisk album | Amerikansk album | ||
---|---|---|---|---|---|---|---|
UK[7] | US[12] | AU | |||||
Mars 1963 (UK) April 1963 (US) |
«How Do You Do It?» | «Away From You» | 1 | - | 3 | Ikkje albumspor | Don't Let The Sun Catch You Crying |
Mai 1963 (UK) Juni 1963 (US) |
«I Like It» | «It's Happened To Me» | 1 | - | 3 | Second Album | |
Oktober 1963 (UK) Desember 1963 (US) |
«You'll Never Walk Alone» | «It's Alright» | 1 | - | 1 | A: How Do You Like It? B: Ikkje albumspor |
A: Don't Let The Sun Catch You Crying B: Second Album |
Januar 1964 (UK) Juni 1964 (US) |
«I'm The One» | UK: «You've Got What I Like» US: «It's Alright» |
2 | 82 | 14 | Ikkje albumspor | A: Don't Let The Sun Catch You Crying UK B: Ikkje utgjeve i USA US B: Second Album |
April 1964 (UK) Mai 1964 (US) |
«Don't Let the Sun Catch You Crying» | UK: «Show Me That You Care» US: «Away From You» |
6 | 4 | 21 | Don't Let The Sun Catch You Crying | |
Juli 1964 | «How Do You Do It?» (nyutgjeving) | «You'll Never Walk Alone» | n/a | 9 | n/a | A: Ikkje albumspor B: How Do You Like It? | |
September 1964 | «I Like It» (nyutgjeving) | «Jambalaya» | n/a | 17 | n/a | A: Second Album B: Don't Let The Sun Catch You Crying | |
September 1964 (UK) Juni 1965 (US) |
«It's Gonna Be Alright» | UK: «It's Just Because» US: «Skinny Minnie» |
24 | 23 | 36 | A: Ferry Cross The Mersey UK & US B: Ikkje albumspor |
A: Ferry Cross The Mersey UK B: Ikkje albumspor US B: I'll Be There |
Desember 1964 (UK) Januar 1965 (US) |
«Ferry Cross The Mersey» | UK: «You, You, You» US: «Pretend» |
8 | 6 | 2 | A: Ferry Cross The Mersey UK B: Ikkje albumspor US B: How Do You Like It? |
A: Ferry Cross The Mersey UK B: I'll Be There US B: Second Album |
Mars 1965 | «I'll Be There» | UK: «Baby You're So Good To Me» US: «You, You, You» |
15 | 14 | 9 | A & US B: Ikkje albumspor UK B: Ferry Cross The Mersey |
A & US B: I'll Be There UK B: Ferry Cross The Mersey |
Mars 1965 | «Pretend» | «Here's Hoping» | n/a | n/a | 17 | How Do You Like It? | Second Album |
September 1965 | «You'll Never Walk Alone» (nyutgjeving) | «Away From You» | n/a | 48 | n/a | A: How Do You Like It? B: Ikkje albumspor |
Don't Let The Sun Catch You Crying |
Oktober 1965 | «Give All Your Love To Me» | «You're The Reason» | n/a | 68 | 45 | A: Ikkje albumspor B: How Do You Like It? |
A: Ikkje albumspor B: Don't Let The Sun Catch You Crying |
November 1965 (UK) Desember 1965 (US) |
«Walk Hand in Hand» | «Dreams» | 29 | 103 | 32 | Ikkje albumspor | Ikkje albumspor |
Februar 1966 (UK) Mars 1966 (US) |
«La La La» | «Without You» | - | 90 | 66 | Girl on a Swing | |
Juni 1966 (UK) September 1966 (US) |
«Girl on a Swing» | UK: «A Fool To Myself» US: «The Way You Look Tonight» |
- | 28 | 24 | A & US B: Girl on a Swing UK B: Ikkje utgjeve i USA | |
Oktober 1966 | «The Big Bright Green Pleasure Machine» | «Looking for My Life» | - | - | - | Girl on a Swing | |
April 1970 | «Don't Let the Sun Catch You Crying» (nyutgjeving) | «Away From You» | - | - | - | Don't Let The Sun Catch You Crying | |
April 1974 | «Remember (The Days of Rock and Roll)» | «There's Still Time» | - | - | - | Ikkje albumspor |
(Merk: Den amerikanske singelen «I'll Be There» er eit alternativt opptak og alle seinare nyutgjevingar nyttar den originale britiske versjonen.)
Album
endreUtgjeve | Tittel | UK Albums Chart[7] | Billboard 200[13] |
---|---|---|---|
Oktober 1963 (UK) | How Do You Like It? | 2 | n/a |
Juli 1964 (US) | Don't Let the Sun Catch You Crying | n/a | 29 |
November 1964 (US) | Gerry and the Pacemakers' Second Album | n/a | 129 |
Februar 1965 (UK) | Ferry Cross the Mersey † | 19 | 13 |
Februar 1965 (US) | I'll Be There! | n/a | 120 |
Mai 1965 (US) | Gerry and the Pacemakers' Greatest Hits | n/a | 44 |
Desember 1966 (US) | Girl on a Swing | n/a | - |
Juli 1979 | The Best of Gerry and the Pacemakers | n/a | - |
1981 | Ferry Cross the Mersey (konsetalbum) | n/a | - |
1982 | 20 Year Anniversary Album | - | n/a |
Juni 1984 | The Very Best of Gerry and the Pacemakers | - | n/a |
† – Filmmusikkalbum med andre artistar
EP-ar
endre- How Do You Do It Columbia SEG8257 (Juli 1963)
- You'll Never Walk Alone Columbia SEG8295 (Desember 1963)
- I'm The One Columbia SEG8311 (Februar 1964)
- Don't Let The Sun Catch You Crying Columbia SEG8346 (Mai 1964)
- It's Gonna Be All Right Columbia SEG8367 (Desember 1964)
- Gerry In California Columbia SEG8388 (Februar 1965)
- Ferry 'Cross The Mersey Columbia SEG8397 (1965)
- Rip It Up Columbia SEG8426 (Juni 1965)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Gerry & The Pacemakers» frå Wikipedia på engelsk, den 17. mars 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 1,7 1,8 «Biography by Richie Unterberger». Allmusic.com. Henta 18. mars 2018.
- ↑ 2,0 2,1 Roberts, David (2001). British Hit Singles (14th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 35. ISBN 0-85156-156-X.
- ↑ «Meet The Singer: Gerry Marsden - Mersey Beat». Henta 18. mars 2018.
- ↑ «Freddie Marsden Remembered». Henta 18. mars 2018.
- ↑ The Beatles Anthology: Episode 1, chapter 16 «Please Please Me»-«We're No.1»
- ↑ The Beatles Bible: How Do You Do It Henta 18. mars 2018
- ↑ 7,0 7,1 7,2 Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 264. ISBN 1-904994-10-5.
- ↑ Nik Brumsack. The story of 'You'll Never Walk Alone', independent.co.uk, 14. april 2014.
- ↑ Why Liverpool fans sing 'You'll Never Walk Alone'. Four Four Two. Henta 18. mars 2018
- ↑ Rice, Jo (1982). The Guinness Book of 500 Number One Hits (1st utg.). Enfield, Middlesex: Guinness Superlatives Ltd. s. 74. ISBN 0-85112-250-7.
- ↑ Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 106. ISBN 1-904994-10-5.
- ↑ 12,0 12,1 Allmusic.com – Charts & Awards (singles)
- ↑ Allmusic.com – Charts & Awards (albums)