Gerry Mulligan

amerikansk komponist

Gerry Mulligan, fullt namn Gerald Joseph Mulligan, (6. april 192720. januar 1996) var ein USA-amerikansk jazz-saksofonist, klarinettist, kompoinist og arrangør. Han er særleg kjend som ein av dei leiande baryton-saksofonistane i jazz-historia, med sin lyse og luftige tonar i den såkalla «cool jazz»–tida. Som arrangør arbeidde han i lag med mellom andre Claude Thornhill, Miles Davis og Stan Kenton. Mulligan sin kvartett utan pianist i dei tidlege 1950-åra, men med trompetisten Chet Baker, vert framleis rekna for å vere ei av dei viktigaste «cool jazz»–gruppene. Mulligan var også ein dyktig pianist som spelte fleire andre blåseinstrument enn dei han jamnast nytta.

Gerry Mulligan
Gerry Mulligan, ca. 1980s (William P. Gottlieb 16201) (cropped).jpg
Fødd6. april 1927
FødestadNew York by
Død20. januar 1996 (68 år)
DødsstadDarien
FødenamnGerald Joseph Mulligan
OpphavUSA
Aktiv1946–1996, 1996
Sjangerjazz, cool jazz, storband
Instrumentsaksofon, Barytonsaksofon, sopransaksofon
PlateselskapPacific Jazz Records
Verka somkomponist, saksofonist, jazzmusikar, arrangør, dirigent, pianist, orkesterleiar, filmmusikkomponist, plateartist
PrisarGrammy Award, American Jazz Hall of Fame

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra