Gjertrud

kvinnenamn
(Omdirigert frå Gertrude)

Gjertrud er ei norsk form av dei opphavleg tyske kvinnenamna Gertrud eller Gertrude. Gjertrud har namnedag den 17. mars i Noreg medan Gertrud har namnedag på same dato i Danmark og Sverige.

Gertrud II von Boventhen, tysk abbedisse frå mellomalderen.
Tysk minneplate for diktaren Gertrud Kolmar som døydde i Holocaust.
Gertrud Scholtz-Klink, nazistisk kvinneleiar eller Reichsfrauenfuhrerin.

VariantarEndra

Den norrøne forma av namnet er Geirþrúðr som er avleidd av geirr, 'spyd' og og þrúðr (trudr), 'styrke'.

I den norske folketeljinga frå 1801 finn ein namnet med fleire skrivemåtar: Giertrud, Giertrue, Giertru, Gjertrud, Gertrud, Jertru og Gjertrue.

Kortformer av namnet er nederlandsk Geertje, tysk Gerti, engelsk Gertie og Gerty, finsk Kerttuli, nordisk Trude, tysk Traudel, Trudel, engelsk Trudi, Trudie og Trudy og nederlandsk Truus.

NamneberararEndra

Annan brukEndra

KjelderEndra